Lerkefamilien
| Lerkefamilien | ||
|
|
||
| Systematikk | ||
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Passeriformes | |
| Familie: | Alaudidae | |
| Vitskapleg namn | ||
| Alaudidae | ||
Lerkefamilien, vitskapleg namn Alaudidae, samlar nær hundre artar små til mellomstore sporvefuglar, 12 til 24 cm i lengd og 15 til 75 gram i vekt. Alle artar finst i «den gamle verda» og i nordlege og austlege Australia. Berre ein art, fjellerke, har spreidd seg til Nord-Amerika. Habitata varierer mykje, men mange artar lever i tørre område. Lerker er ein veldefinert biologisk familie, blant anna gjennom den distinkte forma på tarsen.[1]
Innhaldsliste |
Skildring [endre]
Lerker har meir forseggjorte lydytringar enn mange andre fuglar, og ofte ekstravagante songar gjeve i flygeoppvisingar. Desse melodiøs lydane for det menneskelege øyret, kombinert med ein vilje til å ekspandere inn i menneskeskapte habitat - så lenge desse ikkje er for intensivt dyrka - har sikra lerker ein framtredande plass i litteratur og musikk, spesielt songlerke i Nord-Europa og topplerke og kalanderlerke i Sør-Europa.
Med desse songane under flyging, forsvarer hannar hekketerritorium og tiltrekker makar. Dei fleste artane byggjer reir på bakken, vanlegvis koppforma av daudt gras, men hos nokre artar er reiret meir komplisert og dels overbygd. Nokre få ørkenartar hekkar svært lågt i buskar, kanskje slik at lufta sirkulerer og kjøler reiret. Lerkeegg er vanlegvis flekkete, og kullstorleiken varierer frå 2, særleg hos artar i dei tørraste ørkenane, til 6 hos artar i tempererte område. Lerker rugar i 11 til 16 dagar.
Som mange andre bakkelevande sporvefuglar, har dei fleste lerkeartar lang bakklo, som ein trur gjev stabilitet når dei står. Dei fleste artar har stripa brun fjørdrakt, nokre klårt merkte med svart eller kvitt. Den fargelause utsjånaden kamuflerer dei på bakken, særleg når dei ligg på reiret. Dei lever av insekt og frø, sjølv om vaksne hos dei fleste artane et frø primært, vil alle artar mate ungar med insekt i minst den første veka etter klekking. Mange artar grev med nebbet for å avdekke mat. Nokre lerker har tunge nebb, ekstremt hos tjukknebblerke, for å knuse frø, medan andre har lange, nedbøygde nebb, som er spesielt eigna for graving.
Blant artar der ein har kunnskap om myting er lerkane dei einaste sporvefuglar som fell alle fjørene i den første mytinga. Dette kan skuldast dårleg fjørkvaliteten hos ungane, som igjen kan kome av lågare kvalitet på føda dei får frå foreldra den første levetida.
Artslista [endre]
Lerker i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.5 frå desember 2010 [2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler. [3]
|
Slekt Mirafra
Slekt Heteromirafra
Slekt Calendulauda
Slekt Pinarocorys
Slekt Ammomanopsis
Slekt Chersomanes
Slekt Certhilauda
Slekt Alaemon
Slekt Chersophilus
|
Slekt Eremopterix
Slekt Ammomanes
Slekt Ramphocoris
Slekt Melanocorypha
Slekt Calandrella
Slekt Eremalauda
Slekt Spizocorys
Slekt Pseudalaemon
Slekt Galerida
Slekt Alauda
Slekt Lullula
Slekt Eremophila |
|
Songlerke Alauda arvensis, trelerke Lullula arborea og fjellerke Eremophila alpestris hekkar i Noreg. Topplerke Galerida cristata hekka tidlegare medan kalanderlerke Melanocorypha calandra og dverglerke Calandrella brachydactyla er sjeldne gjestar.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen byggjer på «lark» frå Wikipedia på engelsk, den 30. april 2011
- Kikkawa, Jiro (2003). «Larks». I Perrins, Christopher (ed.). Firefly Encyclopedia of Birds. Firefly Books. ss. 578–583. ISBN 1-55297-777-3.
- Ridgway, Robert (1907). «The Birds of North and Middle America, Part IV». Bulletin of the United States National Museum 50: 289–290.
Referansar [endre]
- ↑ A. L. Rand (1959) Tarsal Scutellation of Song Birds as a Taxonomic Character, The Wilson Bulletin, Vol.71, nr.3, side:274-277
- ↑ Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (20. desember 2010) (Excel spreadsheet), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.5, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/Clements%206.5.xls/view, henta 2. januar 2011
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)
Bakgrunnsstoff [endre]
- Videoar, bilete og lydopptak av lerker hos Internet Bird Collection