Alba

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjå òg Alba (fleirtyding)
Den anglikanske diakondrakten er ein alba med stola.
Foto: Gareth Hughes

Ein alba (frå latin 'kvit') er ei fotsid, kvit messeskjorte (kappe) som liturgen brukar når han forrettar gudsteneste.

Halsopning, ermvidde, ryggfoldar og stoff for albaer brukte av prestar i Den norske kyrkja er fastsett ved kongeleg resolusjon 30. mai 1980. Prestevikar, kateket og diakon brukar alba med trekantforma krage, stor ermvidde og ryggfoldar. Andre lekmenner kan bruke ein enkel kvit kappe.

Albaen har opphav frå antikken og tek opp igjen kjortelen frå oldkyrkja. Den «økumeniske albaen» som vert bruka i Den norske kyrkja, vart utvikla på 1950-1960 talet av katolske kunsthandverkarar sørover i Europa.

Den tradisjonelle romersk-katolske drakta som vart bruka i Danmark-Noreg før reformasjonen, vert enno bruka i Sverige og Finland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]