Albansk geografi

Koordinatar: 41°00′N 20°00′E / 41.000°N 20.000°E / 41.000; 20.000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Albansk geografi
Verdsdel Europa
Region Balkan
Koordinatar 41°00′N 20°00′E / 41.000°N 20.000°E / 41.000; 20.000
Areal Rangering 143
28750 km²
95,3 %% land
4,7 %% vatn
Kystlinje 362 km
Grenser Totalt: 720 km
Høgaste punkt Korabtoppen i Korab
2763 moh
Lågaste punkt Adriahavet
0 m
Lengste elv Drin
282 km
Største innsjø Shkodërsjøen
370 km² - 530 km²

Albania har eit totalt areal på 28 750 km². Landet grensar mot Serbia og Montenegro (287 km) i nord, Nord-Makedonia (151 km) i nord og aust, og Hellas (287 km) i sør og søraust. Kystlinja er 362 km lang. Låglandet i vest møter Adriahavet og det strategisk viktige Otrantosundet, der det berre er 100 km over til «hælen på den italienske støvelen» og som er grensa mellom Adriahavet, Det joniske havet og Middelhavet. Albania har kystlinje mot både Adriahavet og Det joniske havet.

Grenser[endre | endre wikiteksten]

Satellittbilete av Albania.

Bortsett frå kystlinja er resten av landegrensene til Albania kunstige. Dei vart i hovudsak etablert på ein ambassadørkonferanse i London i 1912-1913. Landet var okkupert av styrkar frå Italia, Serbia, Hellas og Frankrike under Den første verdskrigen, men i 1921 vart grensene sett slik som dei hadde vore i 1913. Det opphavlege prinsippet var at grensene skulle definerast i samsvar med det som var best for det albanske folket og nasjonalitetane i dei omliggande områda. Den nordlege og austlege grensa skulle, så langt det var mogeleg, separere albanarane frå serbarane og montenegrinarane, og den søraustlege grensa skulle separere albanarar og grekarar. Det verdifulle, makedonske innsjøområdet i vest vart delt mellom dei tre statane — Albania, Hellas og Jugoslavia — som alle hadde innbyggjarar som nytta området. Sidan det ikkje var andre faktorar å ta omsyn til, vart grenselinjene vald slik at dei best mogeleg skilde dei nasjonale gruppene.

Ein tok omsyn til lokale økonomiske situasjonar. T.d. unngjekk ein å trekke grensa mellom ein landsby og beitemarkene til dyra i området eller skilje markeda og områda der landbruksvarene deira kom frå. Politisk press var derimot òg ein faktor under forhandlingane, som tok meir omsyn til maktbalansen mellom landa enn dei økonomiske faktorane.

Då ein valde å dele innsjøområdet mellom dei tre statane, kravde dette at kvar av dei måtte dele låglandet i nærleiken. Ein slik kunstig fordeling påverka grenselinjene både nordover og sørover. Grensa som hovudsakleg går nordover frå innsjøane ligg om lag 15–30 km vest for vasskiljet, men følgjer ryggen langs det austlege høglandet. Fordi forhandlarane på London-konferansen avslo å bruke vasskiljet som den nordaustlege grensa til den nye staten Albania, vart dei albanske innbyggjarane i Kosovo innlemma i Serbia.

Lengst nord i Albania og i dei nordaustlege fjellområda, går grensa mellom fjelltoppane og følgjer fjellryggen i dei nordlege Albanske alpane, og lenger sør Bjeshkët e Namunës. I det store og heile er det ingen naturlege grenser frå høglandet til Adriahavet, sjølv om Shkodërsjøen og ein del av elva Buna sør for innsjøen vert brukt som grensa mot Montenegro i nordvest. Frå innsjøområdet i sør og sørvest til Det joniske havet kryssar grensa fleire ryggar i staden for å følgje dei.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Kystlinje sør i Albania

Albania har eit klassisk middelhavsklima, men har om lag dobbelt så mykje regn som til dømes Roma i Italia. Frå november til midt på våren kan ein vente regn om lag annakvar dag, men ein har og ein god del sol og mildvêr i løpet av vinterhalvåret. Sommaren er varm og fuktig, men ein lett nordavind gjev meir behagelege forhold på kysten. Om lag ein gong i veka sveipar torebyer innover landet og vidare inn i Nord-Makedonia. Enkelte fjellområde er høge nok til å få ein god del snø og kaldt vêr om vinteren. Fjellområda er elles blant dei områda i Europa som får mest nedbør. Tirana har ein årleg nedbørsnormal på 1353 mm, men i enkelte av månadane på hausten regnar det ikkje så mykje mindre enn i Bergen.

Terreng[endre | endre wikiteksten]

Topografisk kart over Albania.

70 % av landet er fjellområde og ofte utilgjengeleg. Resten av landet, ei avleiringsflate, er dårleg drenert og det skiftar ofte mellom tørke og flaum. Jordsmonnet på flata er generelt dårleg, og denne flata kan ofte vere like ugjestmild som fjella. I elvene mellom fjella, i innsjøområdet og i eit smalt område mellom låglandet og fjella er derimot jorda god med nok nedbør.

Fjella lengst nord høyrer til dei sørlege områda av Dei dinariske alpane, og meir spesifikt, Det montenegriske kalksteinsplatået. Dei nordlege fjella i Albania er meir samanfalda og kupert enn resten av platået. Elvene har djupe dalar med bratte sider og dyrkande dalbotnar. Elvene er generelt ikkje framkommelege, og elvene er meir til hinder enn til hjelp når det gjeld transport. Det er få vegar og dei som finst er dårlege. På grunn av mangel på kontakt med omverda utvikla det seg eit stammesamfunn her i fleire hundreår. Etter Den andre verdskrigen vart det gjort mange forsøk på å innlemme folka i dette området inn i eit albansk folkeliv. Eit lågt kystområde strekkjer seg frå dei nordlege grenseområda og sørover til nærleiken av Vlorë. I snitt strekkjer dette området seg 15 km innover, men i Elbasan-området sentralt i Albania vidar det seg ut til om lag 50 km. Den naturlege vegetasjonen i dette området er lågt kratt, som varierer frå goldt til tett. Ein har store myrområde og andre område med berre og eroderte ørkenområde. Når ein kjem litt lenger inn og landskapet byrjar å heve seg, så vert nedbør meir vanleg, og vegetasjonen mykje frodigare med gode jordbruksforhold. Kunstig vatning vert derimot brukt tørrare stader for å dyrke marka.

Like aust for låglandet ligg det sentrale høglandet, kalla Çermenikë av albanarane. Dette er eit område med moderat høgd, mellom 300 og 900 meter, der berre få toppar strekkjer seg opp mot 1 500 meter. Det går ei forkasting langs den vestlege kanten av det sentrale høglandet, som ofte fører til jordskjelv, og desse er stundom kraftige.

Fjellet Çikë i sør

Sjølv om ein har kupert terreng og nokre høge toppar i dei sentrale høglanda, så kjem dei store fjellkjedene enno lenger aust, eit område med hovudsakleg serpentine steinar (som har fått namnet sitt på grunn av ein matt grønfarge og ofte flekkete utsjånad). Desse fjellkjedene strekkjer seg frå nord til sør langs nesten heile landet. I dette området finst det mange skarpe kalksteins- og sandsteinsframbrot, men hovudsakleg er fjella bygd opp av avrunda fjell.

Fjella aust for den serpentine sona er dei høgaste i Albania, der fjellkjeda Korab (Mali Korabit) strekkjer seg opp til 2 754 meter ved Korabi (Maja e Korabit). I lag med dei nordlege Albanske alpane og den serpentine sona, er det austlege fjellområdet det mest kuperte og utilgjengelege på heile Balkan.

Dei tre innsjøane lengst aust i Albania, Ohridsjøen (Liqeni Ohrit), Store Prespasjøen (Prespa e Madhe) og Litle Prespasjøen (Prespa e Vogël) ligg i eit naturskjønt område. Mykje av terrenget rundt er ikkje særleg bratt, og størsteparten av innbyggjarane som bur i indre strøk av Albania bur her. Den austlege grensa til Albania går gjennom Ohridsjøen, men alt bortsett frå ein liten ende av Prespa e Vogël ligg i Hellas. Kvar av dei to større innsjøane har eit overflateareal på om lag 260 kvadratkilometer, og Prespa e Vogël er om lag ein femtedel av desse. Ohridsjøen ligg om lag 695 meter over havet, og dei to andre om lag 855 meter.

Den sørlege fjellkjeda er meir tilgjengeleg enn den serpentine sona, dei austlege fjellområda eller dei nordlege Albanske alpane. Overgangen frå låglandet er ikkje like brå, og dei frodige dalane er breiare. Kalkstein utgjer mykje av fjella her, og vatnet søraust for Vlorë er klårt. Erosjon av mjukare bergartar har skapt breiare dalar i dei sørlege fjellområda enn i resten av landet. Dette har ført til fleire innbyggjarar her, og på den måten har dette påverka den sosiale strukturen sør i Albania.

Drenering[endre | endre wikiteksten]

Elv i sør
Kart over større elvar

Nesten all nedbøren som fell i Albania renn ut i elvar, som renn ut til kysten utan å renne ut av landet. I nord er det berre ei lita elv som renn ut frå Albania, og i sør renn ei enno mindre elv inn i Hellas. På grunn av det topografiske skilje aust for den albanske grensa, så renn mykje av vatnet frå dei andre landa inn i Albania. Ein stor del av nedslagsfeltet til Kvite Drin (Drini i Bardhë), kalla Beli Drim av serbarane, ligg i Methoia-området nordaust for den albanske grensa. Dei tre austlege innsjøane, som Albania deler med nabolanda, renn ut i Svarte Drin. Vasskiljet i sør ligg òg om lag 75 km inn i Hellas. Fleire av sideelvene til elva Vjosë oppstår i dette området.

Bortsett frå Svarte Drin, som går nordover og fører med seg vatn frå nesten heile det austlege grenseområdet før ho går vestover mot havet, renn dei fleste elvene i nordlege og sentrale område av Albania meir eller mindre direkte mot havet. I denne prosessen kuttar dei gjennom ryggane i staden for å strøyme rundt dei.

Nedbøren fell stort sett i dei høgareliggande områda, og vassføringa i elvene varierer mykje i løpet av året, slik at dei ikkje har så mykje økonomisk verdi for landet. Dei eroderer fjella og set av sediment som har danna låglandet nedanfor fjellområda, og dette er ein prosess som framleis pågår. Når det regnar kan elvene ofte flaume over, og når landområda er uttørka og treng vatning, så er elvene vanlegvis tørre. Elvene er ofte strie når dei er store, og vanskeleg å kontrollere, i tillegg til at dei ikkje er framkommelege. Unntaket er elva Buna. Ho renn frå Shkodërsjøen til Adriahavet og små skip kan segle her. Elvene endrar relativt ofte elveløp på dei låge slettene, slik at mykje av landområda dei skapar vert liggande aude.

Drin er den største elva og har ei jamn vassføring. Ho får vatn frå snøsmelting i dei nordlege og austlege fjella, og nedbøren i dette området er meir jamnt fordelt gjennom året. Vassføringa varierer derimot i denne elva, men ikkje i same grad som lenger sør. Lengda hennar er om lag 282 km, og ho har eit nedslagsfelt på 5 957 kvadratkilometer innanfor Albania. Ho får derimot i tillegg vatn frå Kosovo-området og frå dei indre innsjøane via andre elvar, så det totale nedslagsfeltet er om lag 15 540 kvadratkilometer.

Det er berre elvene Semani og Vjosë av dei andre elvene som er lengre enn 150 km og har nedslagsfelt større enn 2 500 kvadratkilometer. Desse elvene renn gjennom dei sørlege områda, med stor variasjon i vassføringa gjennom året. Om vinteren er dei store og stride, medan dei nesten er heilt tørre om sommaren, trass i lengda deira. Dette gjeld òg for mange av dei mindre elvene, og ofte renn det ti gonger så mykje vatn i dei om vinteren som om sommaren.

Sedimenta som elvene fører med seg frå fjella legg seg til ro på flata i låglandet, og avleiringa fører til at elveleiet etter kvart vert høgare enn det omliggande terrenget, slik at elvene ofte endrar elveløp. Dette skapar frustrasjon for mange i området, sidan dette ofte skapar sumpområde og gjer det vanskeleg å byggje vegar eller jarnbane, i tillegg til anna bruk av dei låge landområda.

Statistikk[endre | endre wikiteksten]

Areal:
  • Totalt: 28,748 km²
  • Land: 27,398 km²
  • Vatn: 1,350 km²
Landegrenser:
Kystlinje:
362 km
Maritime krav:
  • Kontinentalsokkel: Ned til 200 m eller til djup som kan nyttiggjerast
  • Sjøterritorium: 12 nm
Høgder:
  • Lågaste punkt: Adriahavet 0 m
  • Høgaste punkt: Korabtoppen (Golam Korab) i Korab (Maja e Korabit i Mali Korabit) 2 753 m
Naturressursar:
Petroleum, naturgass, kol, krom, kopar, tømmer, nikkel, vasskraft
Arealbruk:
  • Dyrkande jord: 21%
  • Permanente avlingar: 5%
  • Permanente beite: 15%
  • Skogområde: 38%
  • Andre: 21% (1993 estimat)
Irrigert land:
3 400 km² (1998 estimat)
Naturskadar:
Øydeleggjande jordskjelv; tsunamiar kan oppstå på sørvestkysten.
Miljøspørsmål:
Avskoging, jorderosjon, vassforureining frå industri og hushald
Internasjonale miljøavtalar:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]