Albany i New York

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Albany

Med klokka frå toppen: Horisonten til Albany frå Rensselaer; mellomklassehus i Helderberg; Palace Theatre; Empire State Plaza frå Cultural Education Center; North Pearl Street ved Columbia Street; og State Quad ved SUNY Albany.
Med klokka frå toppen: Horisonten til Albany frå Rensselaer; mellomklassehus i Helderberg; Palace Theatre; Empire State Plaza frå Cultural Education Center; North Pearl Street ved Columbia Street; og State Quad ved SUNY Albany.
Flagget til Byvåpenet til
Flagget til Byvåpenet til
Motto
«Assiduity»
(Iherdighet)
Plassering
Albany i New York is located in New York
Styresmakter
Land Flag of the United States.svg USA
Delstat New York
Fylke Albany County
Geografi
Flatevidd
 - By
   - Land
   - Vatn

56 km²
  55 km²
  1 km²
Innbyggjarar
 - By (2010)
   - folketettleik

97 856
  1 747,4 /km²
Koordinatar 42°39′9.34″N 73°45′26.33″WKoordinatar: 42°39′9.34″N 73°45′26.33″W
Høgd over havet 0-99 m
Tidssone EST (UTC-5)
Diverse annan informasjon
Postnummer 12201-12, 12214, 12220, 12222-32
Telefon-retningsnummer 518
Heimeside: www.albanyny.org/

Albany er hovudstaden i den amerikanske delstaten New York. Albany har opp under 100 000 innbyggjarar og er hovudsete for fylket Albany County. Albany ligg 233 km nord-austom byen New York City på vestbreidda av Hudson River.

Byen har nære band til dei nærliggande byane Troy, Schenectady og Saratoga Springs, og i lag dannar dei ein region kalla Capital District. I 2010 hadde dette området kring 870 000 innbyggjarar og er det 58. største storbyområdet i USA.

Albany vart grunnlagd i 1614 av Dei sameinte Nederlanda og vart hovudstad i New York i 1797. Han er ein av dei eldste permanent busette stadane frå dei opphavlege tretten koloniane.

Historie[endre | endre wikiteksten]

England tok byen frå Nederland i 1664, og gav han namnet Albany etter kong Jakob II som òg var hertug av Albany i Skottland.

I 1807 starta ein å køyre dampskipHudson River mellom Albany og New York City. Frå 1819 var byen forbunde med Dei store sjøane over Eriekanalen.

I 1831 byrja jarnbana å vekse fram som føretrekt transportmiddel. Lokomotivet DeWitt Clinton nytta berre 46 minutt frå Albany til Schenectady, og var inntil vidare det første damplokomotivet i heile New York.

Transport[endre | endre wikiteksten]

Motorvegen I-87 knyt Albany til den sørlege delen av New York, og New York City (260 km). I nord går motorvegen til Montreal i Canada (350 km). Den andre motorvegen I-90 knyt byen til aust med Springfield, Massachusetts (140 km) og mot vest med Syracuse (230 km).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]