Albatross-ekspedisjonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Albatross»

Albatross-ekspedisjonen var ein svensk oseanografisk ekspedisjon kring jorda mellom 4. juli 1947 og 3. oktober 1948, med skonnerten «Albatross».

Skipet var særleg utrusta for å studere djuphavet og sjøbotn på dei store djupa. Med eit nytt botnlodd, Kullenbergs lodd eller stempelprøvetakar, lukkast det å ta opp til 20 meter lange proppar av botnavleiringane. Lagdelingane i desse avleiringane kastar lys over jordhistoria gjennom lange tidsrom. Dei viste at tjukkleiken av avleiringane auka jo lenger bort frå midthavsryggane ein kom, og resultatet var eit av mange bevis som gjorde at ein omsider aksepterte teorien om platetektonikk.

Ekspedisjonen gjorde òg den første djuphavstrålinga i verda, på djupner på 7 600-7 900 meter, og avslørte at sjølv desse djupa ikkje var ein daud sone utan liv, slik ein tidlegare hadde trudd. Ekspedisjonen var særs sukessrik, fekk internasjonal merksemd og vert rekna som eit av dei mange viktige stega i osenografihistoria.[1]

Leiaren for ekspedisjonen var Hans Pettersson.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Reinke-Kunze, Christine. (1994) Welt der Forschungsschiffe. DSV-Verlag GmbH, Hamburg.