Albert Hansen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Albert Hansen

Fødd26. desember 1847
Halden kommune
Død4. august 1925 (77 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, ingeniør
Alle verv

Hans Christian Albert Hansen (26. desember 18474. august 1925) var ein norsk ingeniør og politikar for partiet Høgre.

Albert Hansen var fødd og oppvaksen i Halden, der faren var «oeconomus».[1] Han gjekk på latinskulen i heimbyen, reiste så til Sverige der han vart uteksaminert frå Teknologiska Institutet i Stockholm i 1868. Fram til 1874 arbeidde han på ulike kanal-, jarnbane- og veganlegg i Sverige. Deretter var han engasjert med anlegginga av Støren-Åmot-banen og Smaalensbanen. Fra 1878 til 1903 var han amtsingeniør i Buskeruds amt. Mellom 1905 og 1917 var han amtmann i Smaalenenes amt.

Hansen representerte Drammen på Stortinget i periodane 1900-03 og 1903-06, han var medlem av jernbanekomiteen. I 1903 var med i Stortinget sin deputasjon i høve opninga av Oftotbanen. 1905-06 var han medlem av arbeidsløysekomiteen og i 1905 av den utvida justiskomiteen. Hansen var statsråd og sjef for Arbeidsdepartementet i Francis Hagerups andre regjering som rådde statsmakta frå 22. oktober 1903 til 11. mars 1905.

I 1901 vart Hansen utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden og forfremja til kommandør av 1. klasse i 1912. Som statsråd under unionsoppløysinga mottok han også 7. juni-medaljen.

Hansen døydde i 1925 i Rygge, der han hadde budd sidan han vart amtmann.

Kjelder og litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
  • Bødtker, O.: «Hansen, Hans Christian Albert».- I: Norsk biografisk leksikon, b. 5, Aschehoug, Oslo, 1931. - S. 356-357
  • Den Kongelige norske Sankt Olavs orden 1847-1947, utgitt av ordenskanselliet ved O. Delphin Amundsen, Grøndahl & Søns Forlag, Oslo, 1947

Notar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]