Albert Kjær

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Albert Kjær

Fødd1852
Bergen
Død1941
NasjonalitetNoreg
Yrkefilolog, bibliotekar
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi

Albert Kjær (fullt namn Johan Albert Julius Kjær) (fødd 1852 i Bergen, død 1941) var ein norsk filolog, bibliotekar og stadnamngranskar.

Kjær vart cand.mag. i 1875, og arbeidde frå 1876 på Universitetsbiblioteket i Oslo, frå 1918 som førstebibliotekar. Han arbeidde 1880-83 også ved Deichmanske bibliotek. Kjær skreiv nokre enkle historiebøker som En liden lærebog i historie : (verdenshistorie - kirkehistorie - Norges historie) for folkeskoler paa landet (1894), men den største innsatsen som publist gjorde han som redaktør av fleire band av Oluf Ryghs Norske Gaardnavne, og P.A. Munchs Norrøne gude- og heltesagn.

Kjær vart som pensjonist utnemnd til statsstipendiat i 1922. Han vart heidra med Festskrift tilegnet førstebibliotekar A. Kjær av venner 26. sept. 1924.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Norsk allkunnebok; bd VII. 1956
  • Amundsen, Leif. «Minnetale over førstebibliotekar A. Kjær». I: Det norske videnskapsakademis årbok 1941