Albert Luthuli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Albert Luthuli

Fødd1898
Bulawayo
Død21. juli 1967 (69 år)
Statsborgar avSør-Afrika
PartiANC
Yrkepolitikar, sjølvbiograf, lærar
InstitusjonarUniversity of Glasgow
Utdanna vedUniversity of Glasgow
Adams College

Albert John Luthuli (ca. 189821. juli 1967) også kjend under zulunamnet sitt, Mvumbi, medan etternamnet òg kan stavast Lutuli, var ein sørafrikansk lærar og politikar.

Han var president for ANC, som kjempa for rettane til dei svarte afrikanarane i landet mot det kvite mindretalsstyret, i 1950-åra, heilt til han blei sett i husarrest i 1958. Luthuli fekk Nobels fredspris i 1960.

Livssoge[endre | endre wikiteksten]

Byste av Albert Luthuli

Luthuli blei fødd i Rhodesia rundt 1898, der foreldra hans var kristne misjonærar. Etter at faren døydde flytta mora og ungane tilbake til Natalprovinsen, der dei kom frå. Luthuli utdanna seg til lærar og blei engasjert i fagforeininga for svarte lærarar, African Teacher's Association, som han i 1933 blei president for. Han heldt òg preiker i metodistkyrkjer.

Luthuli hadde hatt mykje å gjera med onkelen sin, Martin Luthuli, som var hovding for dei kristne zuluane. I 1933 blei Luthuli sjølv spurd om å bli hovding for denne gruppa. Etter fleire års tenkepause sa han ja, og blei formelt hovding i 1936. Denne stillinga hadde han til dei sørafrikanske styresmaktene tok henne frå han i 1953.

Apartheidsystemet blei utforma frå 1930- til 1950-åra med stadig større undertrykking av svarte. I 1944 reagerte Luthuli ved å bli med i partiet African National Congress, ANC, som kjempa imot dei nye diskriminerande påboda.

Dei sørafrikanske styresmaktene hevda at å vera hovding og medlem i partiet utgjorde ei interessekonflikt, og bad han gje opp ei av dei. Då han nekta, tok dei frå han hovdingtittelen. Ein månad etter dette blei han vald til president for partiet. Han fekk straks reiseforbod, som varte i til saman fire år.

I 1956 deltok Luthuli på ein ANC-konferanse og blei arrestert for landsforræderi, saman med 155 andre. Etter eitt år i varetekt blei klaga mot han droppa. Han fekk likevel påbod om å halda seg innan 8 km omkrins frå heimen sin. I 1961 blei påbodet heva i ti dagar slik at han kunne dra til Oslo og motta Nobels fredspris.