Alberto de Agostini nasjonalpark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Frå nasjonalparken. Cordillera Darwin i bakgrunnen.

Alberto de Agostini nasjonalpark er ein nasjonalpark i den chilenske delen av Eldlandet. Parken dekkjer 14 600 km2, dvs. den chilenske delen av Storøya i Eldlandet, Gordon-øya, Cook-øya i Eldlandet, Londonderry-øya og delar av Hoste-øya. Den viktigaste attraksjonen i parken er fjellkjeda Cordillera Darwin.

Parken vart oppretta i 1957 og er kalla opp etter Alberto Maria De Agostini, ein italiensk misjonær og oppdagingsreisande.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]