Albulafjella

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Albulafjella
Fjellkjede
none  Piz Kesch
Piz Kesch
Land Flag of Switzerland.svg Sveits
Grensar til Oberhalbsteinfjella, Silvretta, Bernina Alpane
Høgaste punkt Piz Kesch
 - høgd 3 418 moh
 - koordinatar 46°37′N 09°52′E

Albulafjella er ei fjellkjede i Alpane, aust i Sveits. Ho har namn etter elva Albula og vert rekna som ein del av Dei sentrale Alpane. Albulafjella er skild frå fjellkjeda Oberhalbsteinfjella i vest av Settimopasset og elva Julia; frå fjellkjeda Plessur i nordvest av dalen der elva Landwasser renn; frå Silvrettafjella i nordaust av Flüelapasset, og frå fjellkjeda Berninafjella i søraust av Malojapasset og Inn.

Albulafjella vert drenert av elvane Albula, Julia, Landwasser og Inn.

Høgste fjelltoppane i Albulafjella[endre | endre wikiteksten]

Topp Høgd (meter over havet)
Piz Kesch 3 418
Piz Calderas 3 393
Piz Julier 3 380
Piz d'Err 3 378
Piz Ela 3 339
Piz Uertsch 3 273
Piz Ot 3 246
Piz Vadret 3 226
Corn da Tinizong 3 179
Piz Mitgel 3 159
Schwarzhorn 3 146
Hoch Ducan 3 063
Piz Nair 3 057
Albulapasset
Flüelapasset

Fjellovergangar[endre | endre wikiteksten]

Albulafjella vert kryssa av ein jernbanetunnel, under Albulapasset. Dei viktigaste fjellovergangane i Albulafjella er:

Fjellovergang stad type høgdenivå (m)
Fuorcla Calderas Mulegns til Bever snø 3130
Fuorcla d'Eschia Madulain til Bergün snø 3008
Sertig-passet Davos til S-chanf sti 2762
Tinzentor Bergün til Savognin sti 2718
Ducan-passet Davos til Bergün sti 2671
Forcella di Lunghino Maloja til Settimopasset sti 2635
Scaletta-passet Davos til S-chanf rideveg 2619
Suvretta-passet St. Moritz til Val Bever rideveg 2618
Fuorcla d'Alp Fontauna Bergün til S-chanf sti 2615
Grialetsch-passet Davos til Susch sti 2546
Flüelapasset Davos til Susch veg 2389
Albulapasset Bergün til La Punt-Chamues-ch veg 2315
Settimopasset Bivio til Val Bregaglia rideveg 2311
Julierpasset Thusis til Silvaplana veg 2287
Malojapasset St. Moritz til Chiavenna veg 1815

Kjelder[endre | endre wikiteksten]