Albumet A Hard Day’s Night
| A Hard Day’s Night Studioalbum av The Beatles |
||
| Utgjeve | 10. juli 1964 | |
| Innspelt | Abbey Road og Pathé Marconi Studios 29. januar - 3. juni 1964 |
|
| Sjanger | Rock and roll, beatmusikk | |
| Lengd | 30:30 | |
| Selskap | Parlophone PMC 1230 (mono) PCS 3058 (stereo) CDP 7 46437 2 (reissue) |
|
| Produsent | George Martin | |
| Kritikk | ||
|---|---|---|
| The Beatles-kronologi | ||
| With The Beatles (1963) |
A Hard Day’s Night | Beatles for Sale (1964) |
A Hard Day’s Night er det tredje albumet til The Beatles, gjeve ut 10. juli 1964 som filmmusikken til den første filmen deira med same namn. Albumet kom ut 26. juni 1964 i USA med litt anna innhald.
Albumet er det første til The Beatles der alle songane er originale, og det einaste albumet der alle songane er skrivne av Lennon/McCartney. Albumet inneheld nokre av dei mest kjende songane deira, som tittelsongen (med den særeigne opningsakkorden ein umiddelbart kjenner att) og «Can’t Buy Me Love» som begge vart store hittar på begge sider av Atlanteren. Albumet og filmen viser det klassiske bilete av The Beatles sidan det vart gjeve ut på høgda av Beatlemania.
Side ein av LPen inneheld songar som vart nytta i filmen, medan side to inneheld songar som vart skrive for, men som ikkje var med, i filmen. Dette er òg det første Beatles-albumet som vart spelt inn med firesporsopptakar, som gav gode stereomiksar.
I 2000 plasserte musikkmagasinet Q albumet på femteplass over dei 100 største britiske albuma gjennom tidene.[1] Musikkmagasinet Rolling Stone plasserte albumet på 388. plass over dei 500 største albuma gjennom tidene.[2]
26. februar 1987 vart A Hard Day's Night offisielt gjeve ut på CD i mono. Albumet er enno ikkje gjeve ut i stereo på CD, men fleire av songane finst i stereo på samleplater.
Innhaldsliste |
Innhald[endre]
Alle songar er skrivne av Lennon/McCartney.
| Side ein | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Lengd | |||||||
| 1. | «A Hard Day’s Night» | 2:34 | |||||||
| 2. | «I Should Have Known Better» | 2:46 | |||||||
| 3. | «If I Fell» | 2:24 | |||||||
| 4. | «I’m Happy Just to Dance with You» | 2:33 | |||||||
| 5. | «And I Love Her» | 2:33 | |||||||
| 6. | «Tell Me Why» | 2:12 | |||||||
| 7. | «Can’t Buy Me Love» | 2:14 | |||||||
| Side to | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Lengd | |||||||
| 8. | «Any Time at All» | 2:13 | |||||||
| 9. | «I’ll Cry Instead» | 1:49 | |||||||
| 10. | «Things We Said Today» | 2:40 | |||||||
| 11. | «When I Get Home» | 2:20 | |||||||
| 12. | «You Can’t Do That» | 2:39 | |||||||
| 13. | «I'll Be Back» | 2:20 | |||||||
Amerikansk utgåve[endre]
Den amerikanske utgåva av albumet vart gjeve ut 26. juni 194 av United Artists Records og inneheld sju songar frå filmen, «A Hard Day’s Night», «Tell Me Why», «I’m Happy Just to Dance With You», «I Should Have Known Better», «If I Fell», «And I Love Her» og «Can’t Buy Me Love». Her finst òg «I’ll Cry Instead», som vart skrive for filmen, men i siste liten ikkje nytta likevel. Den amerikanske utgåva inneheld òg fire easy listening-aktige instrumentale versjonar av Lennon/McCartney-songar av George Martin: «I Should Have Known Better», «And I Love Her», «Ringo’s Theme (This Boy)» og «A Hard Day’s Night». Albumet gjekk til topps på Billboard si albumliste, der han låg i heile 14 veker, det lengste dette året.[3]
Den amerikanske utgåva er enno ikkje gjeve ut på CD offisielt.
Medverkande[endre]
- John Lennon: solo, harmoni og korvokal; rytmegitar og akustisk gitar; munnspel; sologitar på «You Can’t Do That»; piano på «Things We Said Today» og tamburin.
- Paul McCartney: solo, harmoni og korvokal; bassgitar og piano.
- George Harrison: sologitar (6- and 12-strengar); akustisk og spansk gitar; korvokal; solovokal på «I'm Happy Just To Dance With You»; harmonivokal på «Things We Said Today» og claves på «And I Love Her».
- Ringo Starr: Trommer, kubjølle, maracas og tamburin
- George Martin: piano
Bakgrunnsstoff[endre]
Kjelder[endre]
- Denne artikkelen bygger på «A Hard Day's Night (album)» frå e, den 4. oktober 2008.
- e oppgav desse kjeldene:
- ↑ The 100 Greatest British Albums Ever. Q. Vitja 4. oktober 2008.
- ↑ The 500 Greatest Albums of All Time. Rolling Stone. Vitja 4. oktober 2008.
- ↑ Joel Whitburn, Top Pop Albums 1955-2001 (Menomonee Falls, WI: Record Research, 2001), 1178.
|
|
|
|---|---|
| John Lennon · Paul McCartney · George Harrison · Ringo Starr Pete Best · Stuart Sutcliffe |
|
| Britiske studioalbum | Please Please Me · With The Beatles · A Hard Day's Night · Beatles for Sale · Help! · Rubber Soul · Revolver · Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band · Magical Mystery Tour · The Beatles · Yellow Submarine · Abbey Road · Let It Be |
| Filmar | A Hard Day's Night · Help! · Magical Mystery Tour · Yellow Submarine · Let It Be |
| Tilknytte artiklar | Brian Epstein · George Martin · The Quarrymen · Lennon/McCartney · Den britiske bølgja |