Albumet Kylie
| Kylie Studioalbum av Kylie Minogue |
||
| Utgjeve | 4. juli 1988 | |
| Innspelt | 1987 | |
| Sjanger | Pop, dansepop | |
| Lengd | 35:24 | |
| Selskap | Mushroom Records Geffen Records |
|
| Produsent | Stock Aitken Waterman | |
| Kritikk | ||
|---|---|---|
| Kylie Minogue-kronologi | ||
| - | Kylie | Enjoy Yourself (1989) |
Kylie er debutalbumet til den australske songaren Kylie Minogue. Det vart utgjeve i juli 1988 og fekk blanda kritikkar.
Innhaldsliste |
[endre] Utgjeving og listeplasseringar
I Nord-Amerika kom det langt nede på Billboard-lista, men selde likevel over 500 000 eksemplar.[1] Kylie nådde nummer to på den britiske albumlista den 10. juli 1988, og låg på førsteplass i fire veker frå 21. august 1988 og i ytterlegare to veker frå 13. november 1988.[1] Kylie vart sertifisert til platina sju gonger i Storbritannia og har selt 6,5 millionar eksemplar over heile verda. Albumet selde 1,8 millionar eksemplar i 1988 og vart det mest selde albumet det året.[1] Kylie var det første albumet av ein kvinneleg soloartist til å selja meir enn to millionar eksemplar i Storbritannia, og er det 58. mest selde albumet gjennom tidene.
Albumet nådde Topp 10 i Tyskland,[2] Noreg[3] og Sveits,[4] og selde 143 627 eksemplar i Sverige.[5] Kylie nådde femtitredjeplassen på Billboard 200 i USA.[6] Kylie er fram til no (2011) albumet hennar som har hatt størst suksess i New Zealand, det nådde førsteplassen og blei verande på albumlista i 53 veker.
[endre] Singlar
- Den første singlen «The Loco-Motion» vart utgjeven 4. juli 1987. Han låg sju veker på førsteplass på den australske singellista, og var den mestseljande singelen i landet på 1980-talet. Han vart då gjeven ut som den fjerde singelen frå albumet.
- «I Should Be So Lucky» vart utgjeven 29. desember 1987, og nådde førsteplassen på topplistene i Australia og Storbritannia.
- Den tredje singlen «Got to Be Certain» nådde førsteplassen på salslista i Australia og fekk moderat suksess i resten av verda. Han nådde andreplassen i Storbritannia og blei verande på lista i tre veker.
- Singelen «Je Ne Sais Pas Pourquoi» nådde andreplassen i Storbritannia, og «It's No Secret» vart utgjeven som singel i Australia, Nord-Amerika og Japan.
[endre] Sporliste
| # | Tittel | Lengd |
|---|---|---|
| 1. | «I Should Be So Lucky» | 3:24 |
| 2. | «The Loco-Motion» | 3:14 |
| 3. | «Je Ne Sais Pas Pourquoi» | 4:01 |
| 4. | «It's No Secret» | 3:58 |
| 5. | «Got to Be Certain» | 3:19 |
| 6. | «Turn It into Love» | 3:37 |
| 7. | «I Miss You» | 3:14 |
| 8. | «I'll Still Be Loving You» | 3:50 |
| 9. | «Look My Way» | 3:36 |
| 10. | «Love at First Sight» | 3:08 |
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen byggjer på «Kylie (album)» frå Wikipedia på bokmål.
- ↑ 1,0 1,1 1,2 "Albums: Kylie". Offisiell nettstad.
- ↑ "World Chart Positions". Charts-Surfer.de.
- ↑ "Discography Kylie Minogue". NorwegianCharts.com.
- ↑ "Discography Kylie Minogue". SwissCharts.com.
- ↑ "Kylie Minogue - Kylie (album)". Sverigetopplistan. Hung Medien. http://swedishcharts.com/showitem.asp?interpret=Kylie+Minogue&titel=Kylie&cat=a. Henta 29. mars 2011.
- ↑ Kylie Minogue – Charts & Awards. Allmusic.