Albumet Mellow Yellow

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mellow Yellow
Studioalbum av Donovan
Utgjeve mars 1967
Innspelt 1966
Sjanger Folkrock
Lengd 34:13
Selskap Epic LN 24239
Produsent Mickie Most
Kritikk
Donovan-kronologi
Sunshine Superman
(1966)
Mellow Yellow A Gift from a Flower to a Garden
(1967)

Mellow Yellow er det fjerde albumet til den skotske visesongaren Donovan. Det vart gjeven ut i USA i mars 1967 på Epic Records[1], men vart ikkje gjeven ut i Storbritannia på grunn av kontraktsproblem, som òg hindra Sunshine Superman frå britisk utgjeving. I juni 1967 vart ei blanding av dei to albuma gjeven ut som Sunshine Superman (Pye Records NPL 18181) i Storbritannia. «Mellow Yellow» vart ein hitsingel for Donovan i november året før.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Songane på Mellow Yellow representerer ein overgang i låtskrivinga til Donovan. Songane hans hadde tidlegare illustrert kjærleiken hans for popmiljøet midt på 1960-talet. På Mellow Yellow ser ein framleis dette i «Sunny South Kensington», «Museum» (opphavleg spelt inn for Sunshine Superman og spelt inn på ny for Mellow Yellow) og tittelsporet, men òg livstrøytte observasjonar av same miljø («Young Girl Blues»). Kontraktsproblema hindra utgjeving av musikken til Donovan i Storbritannia, og det førte til at han skreiv songar som «Writer in the Sun», der han har tankar om at han kanskje vert tvungen til å trekkje seg frå musikkindustrien berre 20 år gammal.

Produksjonen til Mickie Most og arrangementa til John Paul Jones er gjort forskjellige på kvar av låtane til Donovan gjennom heile Mellow Yellow. Dei meir livlege songane har meir varierte instrumentbruk, som på Sunshine Superman og hjeøpte å gjere tittelsporet til ein hitsingel på begge sider av Atlanteren. På dei innadvente funderingane vert det nytta enklare instrumentering.

Songen «House of Jansch» var ein hyllest til venen Bert Jansch, og var tredje Donovan-albumet på rad som hylla denne britiske visesongaren.

Det har vore rykte om at venen til Donovan, Paul McCartney, kviskrar «quite rightly»-delen på «Mellow Yellow», men det er i røynda Donovan sjølv. Det er mogeleg at McxCartny var bland folka ein kan høyre juble mot slutten av songen.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Donovan Leitch

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Mellow Yellow»   03:47
2. «Writer in the Sun»   04:33
3. «Sand and Foam»   03:19
4. «The Observation»   02:23
5. «Bleak City Woman»   02:24
Side to
# Tittel Lengd
6. «House of Jansch»   02:43
7. «Young Girl Blues»   03:45
8. «Museum»   02:54
9. «Hampstead Incident»   04:41
10. «Sunny South Kensington»   03:48
Bonusspor på 2005-utgåva
# Tittel Lengd
11. «Epistle to Dippy»   03:11
12. «Preachin' Love»   02:40
13. «Good Time»   01:54
14. «There is a Mountain»   02:36
15. «Superlungs»   03:17
16. «Epistle to Dippy»   03:13
17. «Sidewalk (The Observation)»   02:29
18. «Writer in the Sun»   03:30
19. «Hampstead Incident»   03:52
20. «Museum»   03:49

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.sabotage.demon.co.uk/donovan/disco.htm album information

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]