Albumet My Generation
| My Generation Studioalbum av The Who |
||
| Utgjeve | 3. desember 1965 | |
| Innspelt | April 1965 og 11-15. oktober 1965 , i IBC Studios i London i England | |
| Sjanger | Rock, pop, R&B | |
| Lengd | 36:13 | |
| Selskap | Brunswick LAT 8616 (UK) Decca DL (7-)4664 (U.S.) |
|
| Produsent | Shel Talmy | |
| Kritikk | ||
|---|---|---|
|
||
| The Who-kronologi | ||
| My Generation | A Quick One (1966) |
|
My Generation er debutalbumet til det engelske rockebandet The Who som kom ut i desember 1965. Det vart gjeve ut i USA i april 1966 som The Who Sings My Generation med eit anna plateomslag og eit noko anna innhald.
Albumet vart spelt inn like etter dei første singlane til The Who gjekk inn på listene og i følgje omslaget til Deluxe-utgåva av albumet vart det av bandet forkasta fordi det var eit hastverksarbeid og dei følte at det ikkje representerte det dei gjorde på konsertane sine på den tida. Likevel har kritikarar ofte rangert albumet som eit av dei beste rockealbuma gjennom tidene. I 2003 vart det rangert på 236. plass av musikkmagasinet Rolling Stone på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene. I 2004 plasserte same magasinet songen «My Generation» på 11. plass på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene. I 2006 rangerte NME albumet på 49. plass på lista deira over dei 100 største britiske albuma.[1]
Innhaldsliste |
Historie [endre]
Albumet vart laga i den tidlege R&B-perioden til The Who og inneheld fleire R&B-songar skrivne av andre artistar, samt at songane dei sjølv laga, hovudsakleg av Pete Townshend, var i same gate.
Fleire av songane på albumet vart gjevne ut som singlar. I tillegg til «My Generation», som kom ut før albumet og nådde andreplassen på den britiske singellista, vart «A Legal Matter», «La-La-La Lies» og «The Kids Are Alright» òg gjevne ut som singlar av Brunswick etter at bandet hadde starta å gje ut nye innspelingar på Reaction i 1966. Sidan desse singlane ikkje vart marknadsført av bandet, gjorde dei det ikkje like godt som «My Generation» eller singlane på Reaction. «The Kids Are Alright» nådde likevel åttandeplassen i Sverige.
«My Generation» og «The Kids Are Alright» er to av dei songane til bandet som har vorte mest spelt av andre artistar. Medan «My Generation» er ein rå, aggressiv song som var ein forgjengar for heavymetal og punkrock, var «The Kids Are Alright» ein meir sofistikert song med klimprande gitarar, tredelte harmoniar og ein melodiøs vokal, men framleis med den drivande rytmen som The Who sine songar hadde på denne tida. I lag med andre tidlege Who-songar som «I Can’t Explain» og «So Sad About Us», vert han rekna som ein viktig føregjengar for powerpop-rørsla.[2] «Circles» var ein song som vart spelt inn av det britiske freakbeat-bandet Les Fleur de Lys rundt same tida som albumet kom ut.
Plateomslaget på den britiske originalen synte bandet med Big Ben i bakgrunnen, medan det amerikanske omslaget viste bandet ved sidan av nokre oljetønner, medan dei kikkar oppover på kamera.
Innhald [endre]
Britisk utgåve [endre]
Alle songar er skrivne av Pete Townshend, bortsett frå der andre er nemnde.
| Side ein | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Lengd | |||||||
| 1. | «Out in the Street» | 2:31 | |||||||
| 2. | «I Don’t Mind» (James Brown) | 2:36 | |||||||
| 3. | «The Good's Gone» | 4:02 | |||||||
| 4. | «La-La-La-Lies» | 2:17 | |||||||
| 5. | «Much Too Much» | 2:47 | |||||||
| 6. | «My Generation» | 3:18 | |||||||
| Side to | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Lengd | |||||||
| 7. | «The Kids Are Alright» | 3:04 | |||||||
| 8. | «Please, Please, Please» (Brown/John Terry) | 2:45 | |||||||
| 9. | «It's Not True» | 2:31 | |||||||
| 10. | «I'm a Man» (McDaniel) | 3:23 | |||||||
| 11. | «A Legal Matter» | 2:48 | |||||||
| 12. | «The Ox» (Townshend/Moon/Entwistle/Hopkins) | 3:50 | |||||||
Amerikansk utgåve [endre]
Alle songar er skrivne av Pete Townshend, bortsett frå der andre er nemnde.
| Side ein | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Lengd | |||||||
| 1. | «Out in the Street» | 2:31 | |||||||
| 2. | «I Don’t Mind» (James Brown) | 2:36 | |||||||
| 3. | «The Good's Gone» | 4:02 | |||||||
| 4. | «La-La-La-Lies» | 2:17 | |||||||
| 5. | «Much Too Much» | 2:47 | |||||||
| 6. | «My Generation» | 3:18 | |||||||
| Side to | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Lengd | |||||||
| 7. | «The Kids Are Alright» | 3:04 | |||||||
| 8. | «Please, Please, Please» (Brown/John Terry) | 2:45 | |||||||
| 9. | «It's Not True» | 2:31 | |||||||
| 10. | «The Ox» (Townshend/Moon/Entwistle/Hopkins) | 3:50 | |||||||
| 11. | «A Legal Matter» | 2:48 | |||||||
| 12. | «Circles» | 3:12 | |||||||
| 13. | Utan namn (finst ikkje på den britiske originalen) | ||||||||
Deluxe-utgåve [endre]
Alle songar er skrivne av Pete Townshend, bortsett frå der andre er nemnde.
| Disk 1 | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Lengd | |||||||
| 1. | «Out in the Street» | 2:31 | |||||||
| 2. | «I Don’t Mind» (James Brown) | 2:36 | |||||||
| 3. | «The Good's Gone» | 4:02 | |||||||
| 4. | «La-La-La-Lies» | 2:17 | |||||||
| 5. | «Much Too Much» | 2:47 | |||||||
| 6. | «My Generation» | 3:18 | |||||||
| 7. | «The Kids Are Alright» | 3:04 | |||||||
| 8. | «Please, Please, Please» (Brown/John Terry) | 2:45 | |||||||
| 9. | «It’s Not True» | 2:31 | |||||||
| 10. | «I'm a Man» (McDaniel) | 3:23 | |||||||
| 11. | «A Legal Matter» | 2:48 | |||||||
| 12. | «The Ox» (Townshend/Moon/Entwistle/Hopkins) | 3:50 | |||||||
| 13. | «Circles (Instant Party)» | ||||||||
| 14. | «I Can’t Explain» (bonusspor) | ||||||||
| 15. | «Bald Headed Woman» (bonusspor) | ||||||||
| 16. | «Daddy Rolling Stone» (bonusspor) | ||||||||
| Disk 2 inneheld fleire bonusspor | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Lengd | |||||||
| 1. | «Leaving Here» (Holland-Dozier-Holland) | ||||||||
| 2. | «Lubie (Come Back Home)» | ||||||||
| 3. | «Shout and Shimmy» | ||||||||
| 4. | «(Love Is Like A) Heat Wave» (Holland-Dozier-Holland) | ||||||||
| 5. | «Motoring» | ||||||||
| 6. | «Anytime You Want Me» | ||||||||
| 7. | «Anyway, Anyhow, Anywhere» | ||||||||
| 8. | «Instant Party Mixture» | ||||||||
| 9. | «I Don’t Mind» (full length version) | ||||||||
| 10. | «The Good's Gone» (full length version) | ||||||||
| 11. | «My Generation» (instrumental version) | ||||||||
| 12. | «Anytime You Want Me» (a cappella version) | ||||||||
| 13. | «A Legal Matter» (mono) | ||||||||
| 14. | «My Generation» (mono) | ||||||||
Medverkande [endre]
- John Entwistle – bass, vokal
- Roger Daltrey – vokal, munnspel
- Keith Moon – trommer, perkusjon, korvokal på «Instant Party Mixture»
- Pete Townshend – gitar, vokal, solovokal på «A Legal Matter»
- Nicky Hopkins – piano (bortsett frå «I Can’t Explain»)
- The Ivy League - korvokal på «I Can’t Explain» og «Bald Headed Woman»
- Perry Ford – piano på «I Can’t Explain»
- Jimmy Page – gitar på «Bald Headed Woman»
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «My Generation» frå Wikipedia på engelsk, den 7. mai 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
|
|
|
|---|---|
| Roger Daltrey · Pete Townshend John Entwistle · Keith Moon · Kenney Jones |
|
| Studioalbum | My Generation · A Quick One · The Who Sell Out · Tommy · Who's Next · Quadrophenia · The Who by Numbers · Who Are You · Face Dances · It's Hard · Endless Wire |
| Konsertalbum | Live at Leeds · Who's Last · Join Together · Live at the Isle of Wight Festival 1970 · The BBC Sessions · Blues to the Bush · Live at the Royal Albert Hall · Encore Series 2002 · Encore Series 2004 · Encore Series 2006 & Encore Series 2007 · Live from Toronto · At Kilburn 1977 + Live at the Coliseum |
| Tilknytte artiklar | Diskografi |