Albumet Sunshine Superman
| Sunshine Superman Studioalbum av Donovan |
||
| Utgjeve | September 1966 | |
| Innspelt | Jan–mai 1966, Columbia Recording Studios, Hollywood og EMI Studios i London | |
| Sjanger | Folkrock, psykedelisk rock | |
| Lengd | 42:59 | |
| Selskap | Epic LN24217 (Mono)/ BN26217 (Stereo) | |
| Produsent | Mickie Most | |
| Kritikk | ||
|---|---|---|
| Donovan-kronologi | ||
| Fairytale (1965) |
Sunshine Superman | Mellow Yellow (1967) |
Sunshine Superman er det tredje albumet til den skotske visesongaren Donovan. Det kom ut i USA i september 1966, men vart ikkje gjeven ut i Storbritannia på grunn av usemjer mellom plateselskapa. I juni 1967 vart ei samling av songar frå Sunshine Superman og Mellow Yellow gjeven ut som Sunshine Superman i Storbritannia. Sunshine Superman var kalla opp etter hitsingelen til Donovan frå juli året før.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
Desse innspelingane markerte ei markant endring i musikken til Donovan og var noko av dei første psykedeliske innspelingane som vart gjevne ut. Eit fult rockebandet akkompagnerer Donovan på fleire av songane, og instrumenteringa er utvida til mellom anna å inkludere sitar og andre unike musikkinstrument. Denne endringa kom delvis som følgje av at han no arbeidde med Mickie Most, som hadde nase for kva popsongar som hadde hitpotensiale for mange andre artistar på denne tida.
Tekstane til Donovan byrja å omfatte mange portrett av «Swinging London» og gav lyttaren eit blikk inn i popmiljøet her i 60-åra. Han var kjend for å vere nær ven av The Beatles og Brian Jones på denne tida, og han vart internasjonalt kjend etter «Sunshine Superman» som gjekk til topps i USA og til andreplass i Storbritannia. Donovan hadde ein hang til å nemne andre personar i songar som «The Trip» og «The Fat Angel» (skriven for Mama Cass) i lag med hittane hans som gjorde han til superstjerne. I tillegg til å omtale folk i popmiljøet, spelte Donovan inn «Bert's Blues» for venen og visesongaren Bert Jansch.
I kontrast til den moderne vinklinga var Donovan fascinert av mellomaldertema i songar som «Legend of a Girl Child Linda» (skriven for kjærasten til Brian Jones, Linda Lawrence) og «Guinevere». Den rike skildringa av fargar og miljø som Donovan utvikla på individuelle songar på Fairytale var no gjennomsyra i all skrivinga hans.
Fleire andre songar vart spelte inn for Sunshine Superman, men kom ikkje med på det endelege albumet. Desse var mellom andre «Museum» (seinare spelt inn på ny for Mellow Yellow), «Superlungs My Supergirl» (seinare spelt inn på ny for Barabajagal) og «Breezes of Patchulie» (opphavleg kalla «Darkness of My Night» og gjeven ut på demosamlinga til Donovan frå 1964, Sixty Four). Sunshine Superman-innspelingane av desse songane finst alle på Troubadour The Definitive Collection 1964–1976.
[endre] Innhald
[endre] Originalt album (USA)
Alle songar er skrivne av Donovan Leitch.
| Side ein | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Lengd | |||||||
| 1. | «Sunshine Superman» | 03:15 | |||||||
| 2. | «Legend of a Girl Child Linda» | 06:50 | |||||||
| 3. | «Three King Fishers» | 03:16 | |||||||
| 4. | «Ferris Wheel» | 04:12 | |||||||
| 5. | «Bert's Blues» | 04:00 | |||||||
| Side to | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Lengd | |||||||
| 6. | «Season of the Witch» | 04:56 | |||||||
| 7. | «The Trip» | 04:34 | |||||||
| 8. | «Guinevere» | 03:41 | |||||||
| 9. | «The Fat Angel» | 04:11 | |||||||
| 10. | «Celeste» | 04:08 | |||||||
| Bonusspor på 2005-utgåva | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Lengd | |||||||
| 11. | «Breezes of Patchulie» | 04:35 | |||||||
| 12. | «Museum» | 02:52 | |||||||
| 13. | «Superlungs» | 03:17 | |||||||
| 14. | «Land of Doesn't Have to Be» | 02:42 | |||||||
| 15. | «Sunshine Superman» | 04:44 | |||||||
| 16. | «Good Trip» | 01:37 | |||||||
| 17. | «House of Jansch» | 03:47 | |||||||
[endre] Den britiske utgåva
På grunn av kontraktsproblem mellom Pye Records og Epic Records, vart utgjevingane til Donovan halde attende i Storbritannia gjennom 1966 og tidleg i 1967. I denne perioden gav Dononvan ut Sunshine Superman og Mellow Yellow i USA. For å følgje opp Epic Records i Amerika, gav Pye Records ut ei samling med songar frå begge albuma kalla Sunshine Superman.
Det vart gjeven ut i Storbritannia i juni 1967 og nådde 25. plass på den britiske albumlista.
| Side ein | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Lengd | |||||||
| 1. | «Sunshine Superman» | ||||||||
| 2. | «Legend of a Girl Child Linda» | ||||||||
| 3. | «The Observation» | ||||||||
| 4. | «Guinevere» | ||||||||
| 5. | «Celeste» | ||||||||
| 6. | «Writer in the Sun» | ||||||||
| Side to | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Lengd | |||||||
| 7. | «Season of the Witch» | ||||||||
| 8. | «Hampstead Incident» | ||||||||
| 9. | «Sand and Foam» | ||||||||
| 10. | «Young Girl Blues» | ||||||||
| 11. | «Three Kingfishers» | ||||||||
| 12. | «Bert's Blues» | ||||||||
[endre] Medverkande
- Donovan - vokal og akustisk gitar
- Bobby Ray - bass -
- "Fast" Eddy Hoh - trommer
- Shawn Phillips - sitar
På «Sunshine Superman»:
- Donovan - vokal og akustisk gitar
- Jimmy Page og Eric Ford - elektrisk gitar
- John Cameron - klaverinstrument og arrangement
- Spike Healey - bass
- Bobby Orr - trommer
- Tony Carr - perkusjon
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Sunshine Superman (album)» frå Wikipedia på engelsk, den 10. mars 2011.