Alcalá de Guadaíra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Alcalá de Guadaíra
CalleLaMina.JPG
Flagget til Alcalá de Guadaíra Byvåpenet til Alcalá de Guadaíra
Flagget til Alcalá de Guadaíra Byvåpenet til Alcalá de Guadaíra


Plassering
Alcalá de Guadaíra is located in
Styresmakter
Land Flag of Spain.svg Spania
Autonom region Andalucía
Provins Sevilla
Borgarmeister Antonio Gutiérrez Limones
Geografi
Flatevidd
 - By

284,61 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

68 452
  240,5 /km²
Koordinatar 37°20′″N 5°51′″WKoordinatar: 37°20′″N 5°51′″W
Høgd over havet 46 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 41500
Nettstad: www.ciudadalcala.org

Alcalá de Guadaíra er ein by om lag 10 km søraust for Sevilla i Spania. I nyare år har Alcalá vorte ein forstad til Sevilla. Alcalá vart tidlegare kalla Alcalá de los Panaderos (Bakarane sin Alcalá) fordi dei produserte det meste av brødvarene for Sevilla. Byen ligg ved breidda av elva Guadaíra og ei vassmølle bygd under maurarane finst framleis i området.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen vart kalla Hienipo av tidlege greske busetjarar og seinare Hienipensis av romarane. Funn frå begge desse kulturane er oppdaga av arkeologar. Alcalá vart erobra av muslimske busetjarar på 600-talet og namnet dei gav byen har halde ved sidan den gong. Alcalá de Guadaíra var under dei muslimske herskarane i al-Andalus (og seinare taifaen Sevilla) fram til han vart erobra av almohadane, som bygde omfattande festningsverk rundt byen. Desse festningane på eit nes oppfor elva dominerer framleis sørvestsida av byen. I 1244 vart Alcalá de Guadaíra erobra av Ferdinand III av Castilla. Kong Ferdinand pussa opp borga og festningsverket. Det vart så nytta som kongeleg fengsel med militære vakter. Etter Ferdinand døydde fall det i ruinar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Alcalá de Guadaíra

Kjelder[endre | endre wikiteksten]