Aldanelva
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Aldan | ||
|
|
||
| Utspring | Stanovojfjella | |
| Munning | Lena | |
| Land i nedslagsfelt | ||
| Lengd | 2273 km | |
| Middelvassføring | 5060 m³/s | |
| Nedslagsfelt | 729 000 km² | |
Aldan (russisk Алдан) er ei elv i Sakha i Russland og den nest lengste sideelva til Lena frå høgre. Elva er 2273 km lang og har eit nedslagsfelt på 729 000 km². Elva har ei middelvassføring på 5060 m³/s. Elva er farbare for båttrafikk frå munningen og 1600 km oppover elva.
Elva spring ut frå Stanovojfjella, sørvest for Nerjungri. Ho renn så nordaustover forbi Aldan og gjennom Tommot, Ust-Maja, Eldikan og Khandyga, før ho snur mot nordvest og munnar ut i Lena rundt 150 km nord for Jakutsk.
Dei største sideelvane hennar er Amga, Utsjur og Maja. Nedslagsfeltet er kjend for førekomstar av gull og for kambriske fossil.
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Aldan (elv)» frå Wikipedia på bokmål, den 3. november 2008.