Alde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alde
elv
Elva ved Aldeburgh
Land  England
Kart
Alde
52°10′N 1°32′E / 52.16°N 1.54°E / 52.16; 1.54
Wikimedia Commons: River Alde

Alde, òg kjend som Ore på sør- og vestbreidda, er ei brei elv med tidvatn i Suffolk i England. Ho har opphavet sitt i same område som Blyth renn frå, nær Laxfield.

Ved Snape blir ho breiare, men fortset å slynge seg gjennom landskapet. Ho renn så austover eit lite stykke, og der ho vender sørover delar ho seg og renn på begge sider av Havergate Island.

Ho renn så langs kysten; området som er skilt frå resten av Suffolk er Orford Ness, som er eit populært camping- og fiskeområde. Langs elva finn ein dels myrlandskap og dels grus- og sandstrender. Store delar av området rundt det siste stykket av elva er ått av National Trust, og blir kalla Orford Ness National Nature Reserve. Før National Trust tok over området vart det brukt til hemmelege militære testar av radar. Den øvre delen av elva blir ått av Alde and Ore Association, og inngår i Suffolk Coast and Heaths AONB, eit Area of Outstanding Natural Beauty.

Aldeburgh har namn etter elva. Rett sør for denne byen vender Alde sørover mot havet. Elva var grunnlag for rikdomen til byen i tudortida, då ho hadde ein innbringande skipsindustri. I 1588 vart fire skip vart sende ut for å møte den spanske armadaen frå fjorden elva dannar der ho møter havet. Etter at elva mudra til møtte skipsindustrien nedgangstider sidan større skip ikkje lenger kunne segle der. Ein yachtklubb har no hamna si i fjorden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]