Aldefjorden

Koordinatar: 61°18′42.451″N 4°50′32.006″E / 61.31179194°N 4.84222389°E / 61.31179194; 4.84222389
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

61°18′42.451″N 4°50′32.006″E / 61.31179194°N 4.84222389°E / 61.31179194; 4.84222389 Aldefjorden er ein 11 km lang fjord i Askvoll kommune i Vestland mellom Værlandet i vest og Atløy i aust. Fjorden ligg like nord for innløpet til Vilnesfjorden, den ytste delen av Dalsfjorden. Fjorden er kalla opp etter øya Alden, som ligg nordvest for Værlandet. Ei anna øy på nordsida av fjorden, mellom Alden og Atløy, er Tvibyrge. På sørsida ligg det ei rekkje holmar og øyar kalla Kvitingane og Raudøy. Midt i fjorden ligg Senholmskjera.

Det går ferjesamband langs fjorden frå tettstaden Askvoll og Fure.