Aldershot

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Aldershot

Aldershot jernbanestasjon
Aldershot jernbanestasjon
Plassering
Aldershot is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap Hampshire
Distrikt Rushmoor
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2007)

62 944
Koordinatar 51°15′″N 0°46′″WKoordinatar: 51°15′″N 0°46′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer GU11
Telefon-retningsnummer 01252
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Aldershot

Aldershot er ein by i Hampshire i England. Han ligg i eit lyngheilandskap omkring 55 km sørvest for London.

Byen er særleg kjent for sambandet sitt til British Army, som i 1854 oppretta ein permanent leir der. Dette førde til at staden voks frå ein liten landsby til ein viktoriansk by.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Namnet til byen kjem moglegvis frå alder, som viser til ein vått, myrlendt stad. I angelsaksisk tid var staden kjent som Alreshete, og i Domesday Book (1086) nemnast landsbyen som ein del av hundredet Crondall. På eit kart i 1722-utgåva av William Camdens Britannia or Geographical Description of Britain and Ireland blir det vist eit symbol for ei busetjing på staden.

I 1854, under krimkrigen, vart det oppretta ein militærleir med landsbyen i midten. Folkesetnaden steig frå 875 i 1851 til 16 000 i 1861, der omkring 9000 var soldatar. Veksten fortsette, om enn med lågare fart.

Dronning Victoria vitja regelmessig Aldershot, og det vart reist ein kongeleg paviljong for henne. Under jubileumsparaden den 21. juni 1887 var 60 000 menn stilt opp i Long Valley, frå Basingstokekanalen til Caesar's Camp. Sidan då har Aldershot Military Tattoo vore eit viktig internasjonalt arrangement.

I 1974 vart Aldershot og Farnborough distrikt slått saman til distriktet Rushmoor.

Aldershotbomba[endre | endre wikiteksten]

Aldershotbomba var eit terroråtak utført av Den offisielle IRA (OIRA); åtaket reknast som eit av dei vondaste organisasjonen har utført i England. Den 22. februar 1972 gjekk ei bilbombe av ved messa i hovudkvarteret til 16th Parachute Brigade. Sju personar vart drepne; alle offera var sivilt støttepersonnel inkludert kokkar, vaskehjelper og ein katolsk prest. OIRA uttalte seinare at åtaket var hemn for Bloody Sunday.

Kommunikasjon[endre | endre wikiteksten]

Aldershot stasjon tener tog mot Waterloo stasjon i London, Alton, Guildford og Ascot.

Kultur og idrett[endre | endre wikiteksten]

Aldershot Town FC spelar i Conference National. Ein tidlegare lokal klubb, Aldershot FC, vart nedlagt i 1992.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]