Aleijadinho

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Portrettet og namnetrekket til Antônio Francisco Lisboa, betre kjend som Aleijadinho.

Antônio Francisco Lisboa (29. august 173818. november 1814), kjend som Aleijadinho, var ein brasiliansk bilethoggar og arkitekt som arbeidde med utforming og utsmykking av fleire kyrkjer i Minas Gerais i Brasil. Han var ein produksjonsrik representant for seinbarokk eller rokokko, men døydde fattig og gløymd plaga av ein forkrøplande sjukdom som gav han tilnamnet «o aleijadinho» - 'krøplingen'.

Antônio Francisco Lisboa var fødd i Vila Rica (no Ouro Preto) i 1738. Han var uekte barn av Manuel Francisco Lisboa, ein portugisisk byggmeister frå Lisboa, og Isabel, ei slavekvinne.[1] I 1752 blei han del av faren si verksemd.[2]

Engel i Bom Jesus-basilikaen

I 1758 utførte han ein seinbarokk fontene i kleberstein for Hospício da terra Santa.[3] Hans første større arbeid var Frans av Assisi-kyrja i Ouro Preto (1766–94), som skil seg frå meir kantete portugisiskinspirerte bygningar ved å ha runde tårn. Hans kanskje mest kjend verk er Bom Jesus de Matozinhos i Congonhas. Aleijadinho teikna, bygga og dekorerte denne kyrkja frå 1757, på oppdrag frå forretningsmannen Feliciano Mendes. Inne i kyrkja plasserte han 64 trestatuar i sju grupper som viser lidingssoga, som seinare blei måla av Manoel da Costa Ataíde. Utanfor kyrkja plasserte han klebersteinstatuar av tolv profetar.[4]

Lisboa levde åleine, og skal ha vore ein levemann som sette pris på god mat og selskap. Rundt 1777 viste han teikn til å li av ein ukjend sjukdom som skulle ta frå han førlegheiten i armane og føtene og gje han store smerter. Etterkvart blei han kjend under tilnamnet «Aleijadinho», 'krøpling'. Han skal ha fortsett arbeidet så lenge han kunne, med utskjeringsreiskapa bunde til hendene av slavane sine. Aleijadinho heldt seg frå dette unna folk ettersom han hata å bli stirra på.[5]

Både Bom Jesus-basilikaen i Congonhas og den barokke gamlebyen i Ouro Preto er rekna som verdsarv av UNESCO.


Bilete[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1738, museualeijadinho.com.br
  2. 1752, museualeijadinho.com.br
  3. 1758, museualeijadinho.com.br
  4. «Aleijadinho», Encyclopædia Britannica (britannica.com)
  5. ANTÔNIO FRANCISCO LISBOA, starnews2001.com.br
  • Denne artikkelen bygger på «Aleijadinho» frå Wikipedia på engelsk, og «Aleijadinho» frå Wikipedia på svensk den 24. mai 2014.
  • Abrantes, José Israel and C Bandeira de Melo, Visitando Ouro Preto, Mariana E Congonhas, Ouro Preto Turismo Receptivo Ltda.
  • Bazin, Germain, O Aleijadinho e a escultura barroca no Brasil, Rio, Editora Record, 1971
  • Bretas, Rodrigo José Ferreira, Antônio Francisco Lisboa, Editora Itatiaia, Belo Horizonte, Brazil 2002
  • Bury, John, Arquitetura e Arte no Brasil Colonial, São Paulo, Editora Nobel, 1991
  • Drummond, Aristóteles, Minas : História, Estórias, Evocações, Cultura, Personalidades, Economia, Belo Horizonte, MG : Armazém de Idéias, 2002
  • Ferreira, Delson Gonçalves, O Aleijadinho, Belo Horizonte, Editora Comunicação, Prefeitura de Belo Horizonte, 1981
  • Jardim, Márcio, O Aleijadinho; uma síntese histórica, Editora Stellarum, Belo Horizonte, Brazil 1995
  • Kelemen, Pál, Baroque and Rococo in Latin America, Volumes 1 and 2, Dover Publications, Inc. NY 1967
  • Kvaran, Einar Einarsson, To Brazil ! – The Search for Aleijadinho, uutgjeve manuskript
  • Mann, Graciela and Hans Mann, The Twelve Prophets of Aleijadinho, University of Texas Press, Austin, Texas 1967
  • Oliveira, Myriam Andrade Ribeiro de & Santos Filho, Olinto Rodrigues dos & Santos, Antônio Fernando Batista dos, O Aleijadinho e sua oficina; catálogo das imagens devocionais, São Paulo, Editora Capivara, 2002
  • Rodrigues, José Wasth, Documentário Arquitetônico, Editora Da Universidade De São Paulo, Belo Horizonte, Brazil 1990
  • Vasconcellos, Sylvio de, Vida e obra de Antônio Francisco Lisboa, o Aleijadinho, São Paulo, Companhia Editora Nacional, 1979