Alejandro Fuentes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alejandro Fuentes

Fødd5. november 1987 (36 år)
FødestadChile, Viña del Mar
FødenamnAlejandro Javiero Fuentes
OpphavNoreg
Aktiv2005–
Sjangerpop
Instrumentvokal
Verka somsongar, komponist

Alejandro Javiero Fuentes (fødd 5. november 1987), kjend som Alejandro Fuentes, er ein norsk-chilensk musikar og låtskrivar frå Kristiansand. Han deltok i TV 2 sin talentkonkurranse Idol i 2005, der han ende på ein tredjeplass bak Tone Damli og vinnaren Jorun Stiansen. Etter Idol gav han ut albumet Diamonds or Pearls som låg 17 veker på VG-lista i 2005 og 2006.[1] Oppfølgjaralbumet Tomorrow Only Knows låg 12 uker på VG-lista i 2007.[2]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Fuentes vart fødd i Chile, men er oppvaksen og busett i Kristiansand.[3]

Alejandro Fuentes var ukjent for dei fleste nordmenn før 2005, då han deltok i Idol. Her framførte han mellom anna ein versjon av Sail Away av David Gray. Jorun Stiansen vann Idol dette året, men Alejandro hamna på ein tredjeplass og fekk skaffa platekontrakt. Allereie same året debuterte han med albumet Diamonds or Pearls og det selde over 60.000 eksemplar.[4] Med på plata var også Sail Away. Denne, og songen Stars var gjeve ut på singel.

I 2006 vart Fuentes kjend saman med Kurt Nilsen, Askil Holm og Espen Lind, og dei vart kalla «dei nye gitarkameratane», sjølv om gruppa ikkje kalla seg dette sjølve. Dei gav ut cd-en Hallelujah Live, der dei framførte coverversjonar av kjende songar. Mest kjende vart dei for singelen Hallelujah, opphavleg skriven av Leonard Cohen. Denne vart kåra til Årets hit under Spellemannprisen 2006. I 2009 gav kvartetten ut oppfylgjaren Hallelujah Live 2

I 2007 gav han ut si neste soloplate, Tomorrow Only Knows, som selde over 25.000 eksemplar. Songen Tomorrow Only Knows var også gjeve ut på singel. I 2010 gav Fuentes ut singelen Stop Beggin' Me.[4] Eit tredje soloalbum var venta av Fuentes hausten 2011, men det er ikkje utgjeve enno, og tittelen er heller ikkje offentleggjort.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • 2005: Diamonds or Pearls
  • 2006: Hallelujah Live (med Nilsen, Holm og Lind)
  • 2007: Tomorrow Only Knows
  • 2009: Hallelujah Live 2 (med Nilsen, Holm og Lind)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hung, Steffen. «norwegiancharts.com - Alejandro Fuentes - Diamonds Or Pearls». www.norwegiancharts.com. Henta 27. februar 2018. 
  2. Hung, Steffen. «norwegiancharts.com - Alejandro Fuentes - Tomorrow Only Knows». www.norwegiancharts.com. Henta 27. februar 2018. 
  3. Alejandro Fuentes på TV 2 underholdning, arkivert frå originalen 15. oktober 2012, henta 12. desember 2011 
  4. 4,0 4,1 Om Alejandro Arkivert 2011-09-07 ved Wayback Machine. ved alejandro-fuentes.no