Aleksander Berkman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Aleksander Berkman

Aleksander Berkman (21. november 187028. juni 1936) var ein anarkist og forfattar.

Berkman var fødd i Vilnius i Litauen son av ein jødisk forretningsmann. Han emigrerte til USA frå Russland i 1888 og vart deportert i 1919 frå USA til Russland, som han fór ifrå to år seinare, levde dei siste to tiåra av livet sitt som flyktning i Riga, Stockholm, Berlin, Paris og Nice, der han døydde.

Han hadde i sine 31 år i USA gjort seg kjend som stridbar politisk agitator og vart sedd som eit samfunnsfarleg individ. Drygt helvta av sine år i USA sat Berkman i fengsel; første gongen mellom 1892-1906 etter eit mislykka attentat mot ein bedriftsleiar, andre gongen 1917-1919 for antimilitaristisk propaganda. Livskamerat med Emma Goldman, som han delte mykje av lagnaden med.

Aleksander Berkmans forfattarskap[endre | endre wikiteksten]

  • Farväl Aleck. En anarkists fängelseminnen - Stockholm 1982. Memoarboka sine første 150 sider gjekk som følgjetong i vekebladet Brand 1922-1923. Den amerikanske originalutgåva utkom så tidleg som 1912 og er omsett til tysk, spansk, norsk og jiddisch. Utgivinga av den russiske utgåva vart stoppa av Berkman i sinne over massakren i Kronstadt 1921.
  • The Russian Tragedy - Berlin 1922.
  • The Russian Revolution and the Communist Party - Berlin 1922.
  • The Kronstadt Rebellion - Berlin 1922.
  • The Bolshevik Myth - New York 1925.
  • Letters from Russian Prisons - 1925.
  • What is Communist Anarchism? - 1929.
  • Nowhere at Home - New York 1975. Boka var ein samproduksjon med Emma Goldmann.
  • ABC of Communist Anarchism

Kjelde: I hovudsak svensk wikipedia, art. Alexander Berkman.