Aleksander I av Russland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Aleksander I av Russland

Aleksander I, Aleksandr Pavlovitsj Romanov, (på russisk språk Александр I Павлович) (23. desember 17771. desember 1825) var tsar av Russland frå 1801, storfyrste av Finland frå 1809 og konge av Polen frå 1815. Han var son av tsar Paul I av Russland og Maria Feodorovna av Württemberg.

Aleksander I er kjend frå Napoleonskrigane og som skaparen av Den Heilage Alliansen. Han voks opp i nær kontakt med farmora Katharina den store og vart oppseda i opplysingstida sine idear. Tilhøvet til faren vart tidleg konfliktfylt, og Aleksander tok i 1801 makta ved eit statskupp som førte til at faren døydde. Som tsar arbeidde Aleksander tidleg med tanken om reformer og ei mogleg grunnlov, men det meste vart med planane.

Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.