Aleksander den store

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Aleksander den store framstilt på ein mosaikk med hesten sin

Aleksander den store (gresk: Ἀλέξανδρος ὁ Μέγας eller Μέγας Aλέξανδρος eller Ἀλέξανδρος Γ' ὁ Ἕλλην Μακεδών, Aléxandros o Mégas eller Mégas Aléxandros eller Aléxandros o Trítos ho Hellēn Makedōn; Pélla 20-30 juli, 356 f.v.t. - Babylon 10. juni 323 f.v.t.) var konge av Makedonia. Dei greske bystatane var alt samla under far hans, Filip II av Makedonia. Aleksander den store erobra Persia, Egypt og ei rekkje andre kongedømme. Han nådde heilt fram til det nordlege India. Erobringane førte til ei rask spreiing av gresk kultur til fleire kontinent.

Alt som gut deltok Aleksander i Filip sine kampar for å få makta i Hellas, men kom i strid med far sin, som hadde sett Aleksander si mor til sides som dronning. Etter at Filip hadde vorte myrda i 336 f.v.t. tok Aleksander straks kongemakta, styrkte herredømmet sitt i Hellas, og knuste blant anna bystaten Theben (Thíva) heilt då dei sette seg imot han.

Størstedelen av Aleksander si regjeringstid – frå 334 f.v.t. – gjekk med til det store felttoget hans mot Persia. I tre slag, Granikos 334 f.v.t., Issos 333 f.v.t. og Gaugamela 331 f.v.t., slo makedonarane under leiing av Aleksander dei persiske hovudhærane, og etter dette braut riket saman, og den siste persiske kongen vart myrda under flukten. I pausane mellom framrykkingane gjorde Aleksander også erobringar på andre frontar, blant anna av Fønikia under stort blodspille i 332 f.v.t. og Egypt 332-331.

Etter den endelege sigeren over persarane vart Aleksander utnemnd til storkonge, og arbeidde for å styrkje makta si. Han heldt likevel fram med felttoget heilt til det nordlege India, der eit trugande mytteri tvinga han til å avbryte vidare framrykking. Tilbake i Persia bringa han orden i administrasjon og styre og kvalte eit byrjande mytteri hos eigne soldatar. Under planlegginga av ein ny ekspedisjon døydde han med eitt, kanskje av òv-drikking eller ein feber.

På høgda av makta si omfatta Aleksander sitt rike – bortsett frå Hellas – det noverande Egypt, Syria, Libanon, Israel, Jordan, Tyrkia, Irak, Iran, Afghanistan og Pakistan. Som eineherskar gjorde han mykje for å passe inn i dei ulike kulturane og la seg hylle som gudefyrste av dei lokale folkeslaga. Om dette var ein freistnad på å skapa tverrkulturelt samhald om herskaren, eller berre var uttrykk for eiga maktlyst, er ikkje klårt. Dessutan tok han i stort omfang lokale offiserar og stormenn inn i tenesta si, om dei synte seg lojale. Kursen hans var ikkje populær hos dei makedonske landsmennene hans – dei meinte at han svikta sin eigen bakgrunn. Aleksander gjennomførte òg ein hektisk aktivitet med omsyn til grunnlegging av byar.

Etter Aleksander sin død braut riket saman ganske raskt, på grunn av strid mellom makedonske generalar som alle ville vera arvtakarane hans.

Aleksander synest å ha vore ein dristig og energisk hærførar som nådde store resultat, men viste seg òg omsynslaus i krig og despotisk overfor undersåttane sine, etter kvart som makta hans auka.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]