Aleksandr Mozjajskij

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aleksandr Mozjajskij

Statsborgarskap Det russiske imperiet
Fødd 9. mars 1825
Kotka
Død

20. mars 1890 (65 år)
St. Petersburg

Yrke luftfartsingeniør, offiser, luftfartsingeniør
Språk russisk
Far Fyodor Mozhaysky
Aleksandr Mozjajskij på Commons

Aleksandr Fjodorovitsj Mozjajskij (ru: Александр Фёдорович Можайский) (21. mars 18251. april 1890) var ein russisk marineoffiser og oppfinnar.

I 1883 bygde han eit fly utsyrt med to dampmaskiner.[1] Flyet var 23 m langt og hadde eit vingespenn på 22,8 m. Flyet hadde tre propellar, ein i fronten og to i bakkant av vengene. Den fremre propellen vart driven av ei dampmaskin på 10 hk, medan dei to bakre propellane vart drivne av ei dampmaskin på 20 hk. Vengene var helt flate, så dei gav ikkje løft og ein rampe vart nytta for å ta av. Flyet heldt seg i lufta over ei strekning på 20–30 m.[1] Utrekningar gjorde på 1950-talet tyder på at farten var rundt 40 km/t.[2] Sjølv om det vart nytta motor (to dampmaskiner) vert ikkje denne farkosten rekna som eit fly, ettersom vengene ikkje gav løft. Det var heller ikkje den fyrste luftfarkosten som tok av ved hjelp av motor, ettersom Felix du Temple de la Croix i 1874 hadde teke av med ein motordriven farkost.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Gray, C., Aleksandr Fyodorovich Mozhaiski 1825 - 1890 (vitja 12/7-2009).
  2. Weymarn, A., Летучкас адскими снадобьями, Politjournal. (vitja 12/7-2009).