Aleksandr Borisov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Aleksandr Borísov

Aleksandr Aleksejevitsj Borisov (russisk: Александр Алексеевич Борисов) (14. november 186617. august 1934) var ein russisk målar. Han vert omtala som Nord-Russlands målar. Ein del av bileta er vigd innfødde folk i det austlege Russland.

Studiar[endre | endre wikiteksten]

Borisov var fødd i Glubokij Rutsjej i Vologda-guvernementet. Han starta sin kunstnariske livsveg 1884-86 i ikonverkstaden til Solovetskij-klosteret. Frå 1886 til 1888 gjekk han på teikneskulen som Selskapet til framhjelp for kunsten dreiv i St. Petersburg, vidare frå 1888 til 1897 studerte han ved St. Petersburgs kunstakademi. Han kunne frå då av titulere seg som kunstnar. Kjende målarar som Arkhip Kuindzji og Ivan Sjisjkin var mellom lærarane hans. Frå 1894 av la Borisov ut på fleire reiser i det høge nord. 1897-99 og 1900-01 var han med på ekspedisjonar til Novaja Semlja, turar han hadde vore pådrivar for.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Polarkveld om våren, 1897
Vintereventyr, 1913

Borisov fann sine motiv fyrst og fremst i landskapet i det høge nord. Han ville framstille det "grenselaust vakre i polarområdet med det majestetiske ishavet". I året 1898-1900 måla han ved sidan av landskapsbilete i storformat også sjangermåleri. Fyrst og fremst syner desse måleria livet til dei samojediske folkegruppene. Til dømes Samojedar på tundraen om våren, laga 1898, eller Samojedar ved fiskeplassen, laga kring 1900-1901. Borisovs mest berømte bilete er Vintereventyr frå 1913.

Ein del av Borisovs verk er i dag å sjå på kunstmuseum i Arkhangelsk, verk som også er interessante for antropologar og etnologar. År 1899 erverva Pavel Tretjakov 65 måleri av Borisov, desse er i dag i Tretjakovgalleriet i Moskva. Også fleire kunsthistoriske museum har måleri av Borisov i sine samlingar. Mellom anna i Kazan, Krasnodar, Nizjnij Novgorod.

Borisov døydde i Kranoborsk i Arkhangelsk oblast.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Aleksandr Borisov

Kjelder[endre | endre wikiteksten]