Aleksandr Dargomyzjskij

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Aleksandr Dargomyzjskij.

Aleksandr Sergejevitsj Dargomyzjskij (14. februar 181317. januar 1869) var ein russisk komponist.

Innhaldsliste

[endre] Liv

Dargomyzjskij blei fødd i landsbyen Dargomyzjskij i Tula oblast, men familien flytte til St. Petersburg i 1817. Her fikk han musikkutdanninga si, først av ei tysk guvernante, deretter av ein musikklærar ved namn Danilevski og endeleg av Franz Schoberlechner, ein elev av Johann Nepomuk Hummel. I yrkesval følgde han i faren sine fotspor og blei statstenestemann hausten 1827. Som så mange andre unge menn av same sosiale stand såg han på musikk som ein fritidsaktivitet, og fikk inga musikteoretisk utdanning.

Vinteren 1833-1834 blei han kjend med Mikhail Glinka som lånte han eit notehefte med generalbass- og kontrapunktøvingar som Glinka sjølv hadde nytta mens han studerte med Siegfried Dehn. Dargomyzjskij og Glinka spilte klaverduoar, organiserte konsertar og analyserte symfoniane til Ludwig van Beethoven og ouverturane til Felix Mendelssohn. Dargomyzjskij valde å følgje læraren sitt døme og komponere ein komplett opera. Han var beundra òg fransk litteratur og så den første operaen, Esmeralda, var ei tonesetting av Victor Hugo sin historiske roman Ringaren i Notre Dame. På den tida var russisk opera dominert av italienske verk og Dargomyzjskij måtte vente til 1847 med å få den oppsett på operaen i Moskva. Oppsettinga vekte heller liten entusiasme, så først i 1851 kom den opp på Mariinskij-teateret i St. Petersburg.

I 1843 slutta Dargomyzjskij som statstenestemann for å satse på musikk og i september 1844 gav han seg ut på ei reise utanlands. På samme måte som Glinka ti år før var det utanfor Russland han oppdaga kva skattar som gøymde seg i hans heimlege kultur. Han studerte russiske folkesongar og nytta lærdommen til å skrive operaen Rusálka, etter et verk av Aleksandr Pusjkin. Den sto ferdig i 1855. Eit tredje sceneverk var ballettkantaten Bacchusfesten som han fullførde i 1848, men som ikke blei oppførd før i 1867 i Moskva.

Dargomyzjskij døydde 17. januar 1869 i St. Petersburg og etterlèt seg ein uferdig opera som to av dei mest begava yngre komponistane i Russland fullførde; Nikolaj Rimskij-Korsakov og César Cui.

Med rette kan ei seie at Dargomyzjskij er ein av dei mest framståande representantane for den nasjonale russiske operaen. Han skreiv orkesterverk, operaer og songar med i ein utprega nasjonal og realistisk karakter.

[endre] Verk i utval

  • Esmeralda, opera, 1839
  • Russalka, opera, 1855
  • Bacchusfesten, kantate, 1848
  • Bolero, for orkester, 1839
  • Fantasi-scherzo «Baba-Jaga», for orkester, 1862
  • Kviterussisk kosakkdans, for orkester, 1864
  • Fantasi etter finske temaer, for orkester, 1867
  • Der steinerne Gast, Oper, unvollendet,1868-69, vollendet von Cui und Rimski-Korsakow, Uraufführung 28. Februar 1872 in St. Petersburg
  • Ei rekke songar
  • Mindre klaverstykke og variasjonsverk

[endre] Kjelde

[endre] Eksterne lenker

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk