Aleksandr Golovin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjølvportrett, 1919
Aleksandr Golovin:Portrett av Vsevolod Mejerhold, 1917

Aleksandr Jakovlevitsj Golovin (1. mars 186317. april 1930) var ein russisk målar og scenograf. Han er særleg kjend for å ha designa ballett- og teateroppsetjingar for koreografane Sergej Djagilev, Konstantin Stanislavskij, og Vsevolod Mejerhold.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Golovin byrja med å sturdere arkitektur, men bytte etter ei stund over til målarstudiet. Han gjekk også ei tid ved den franske kunstskulen Académie Colarossi i Paris. Grunna pengevanskar arbeidde han etter uteksamineringa som interiørmålar og dekorasjonsseljar. Han prøvde seg og innanfor ulike kunsthandverk, til dømes som møbeldesignar.

I 1900 tok han del i utsmykkinga av Russlands paviljong på verdsutstillinga i Paris, saman med venen Konstantin Korovin. Året etter flytta han frå Moskva til St. Petersburg-regionen. Her kom han til sin rett som scenograf, særleg gjennom å kombinere symbolisme og modernisme i operaer og dramatiske oppsetjingar for Djagilev, Mejerhold og andre teaterregissørar. Etter oktoberrevolusjonen i 1917 fekk Golovin sjeldan oppdrag for teater. Han grov seg då ned med måleri og grafiske illustrasjonar.

Scenebilete til Maskerade, 1917

Golovin laga teaterkulissane til ei stor oppsetjing av Pierre Beaumarchais sitt stykke Figaros bryllaup på Moskva kunstteater. Den russiske teaterinstruktøren Konstantin Stanislavskij regisserte stykket i ei snøgt- og frittflytande oppsetjing som opna 28. april 1927. Oppsetjinga hadde det vore øvd på sidan slutten av 1925. Stanislavskij flytta handlinga stykket til det før-revolusjonære Frankrike og tillempa dei fem aktene, som i staden vart presentert i elleve scener. For å få flyt i framsyninga med raske sceneskifte fekk Golovin laga ei dreiescene. Oppsetjinga var ein formidabel suksess.

Golovin døydde i Detskoje Selo i 1930.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Aleksandr J. Golovin