Aleksandr Ivanov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aleksandr Ivanov

Statsborgarskap Det russiske imperiet
Fødd 16. juli 1806
St. Petersburg
Død

3. juli 1858 (51 år)
St. Petersburg

Yrke kunstmålar
Språk russisk
Far Andrey Ivanovich Ivanov
Aleksandr Ivanov på Commons
Kristus viser seg for Maria Magdalena etter oppstoda

Aleksandr Andrejevitsj Ivanov (fødd Александр Андреевич Иванов28. juli 180615. juli 1858) var ein russisk kunstmålar, som først og fremst skapte seg eit namn som historiemålar og som målar av bibelske tema samt landskapsmålar. Han vart fødd i St. Petersburg og døydde same staden.

Oliventre

Yngre år[endre | endre wikiteksten]

Oppvaksen i ein kunstnarfamilie fekk han allereie 11 år gammal plass ved St. Petersburgs kunstakademi. Her var han elev med far sin, Andrej Ivanov. Faren var professor i måleri og såg tidleg sonen sitt talent og søkte å fremje det. For teikningane sine mottok Aleksandr allereie under utdanninga to sølvmedaljar.

I 1824 vart Ivanov tildelt ein gullmedalje for biletet Priamos byr Akilles liket av Hektor (Приам испрашивает у Ахиллеса труп Гектора). Tre år seinare vart han for verket Josef tyder draumen i fengslet (Иосиф в темнице истолковывает сны царедворцам фараона) enno ein gullmedalje til del.

Kristus syner seg for folket, 1837-57
Via Appia ved solnedgang, 1845
Jenta frå Albano, i døropninga

Roma[endre | endre wikiteksten]

Etter å ha avslutta utdanninga si mottok Ivanov eit stipend som gjorde det mogleg for han å reise utanlands. Han fór då til Roma via Dresden. Den største delen av si levetid skulle han kome til å ha tilhald i Roma. Med han var der slutta han vennskap med landsmannen, forfattaren Nikolaj Gogol. I Roma låg Ivanov under sterk påverknad av nasarenarane. Her var det elles han laga sin versjon av ei greske myte, med sitt måleri Bellerofon gjev seg i veg til Kimæren (Беллерофонт отправляется в поход против Химеры).

I tida mellom 1837 og 1857 arbeidde han på måleriet som skulle verte hans hovudverk, Kristus syner seg for folket (Явление Христа народу). Kunstverket er halde i ein nyklassisistisk stil. Til grunn for dette måleriet laga han om lag 300 skisser og detaljteikningar, mange av desse vert i seg sjølve rekna for å vere små meisterverk.

Avslutning[endre | endre wikiteksten]

I år 1857 vende Ivanov tilbake til Russland. Han døydde av kolera.

Ivanov sine verk er for størstedelen å sjå i Tretjakovgalleriet og i Russlands Museum.

Eit utval verk[endre | endre wikiteksten]

  • Kristus viser seg for Maria Magdalena etter oppstoda (Явление воскресшего Христа Марии Магдалине)
  • Via Appia ved solnedgang
  • Jenta frå Albano, i døropninga
  • Ave Maria
  • Vittoria Kaldoni
  • Greiner

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Aleksandr Ivanov