Aleksandr Laktionov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Aleksandr Ivanovitsj Laktionov,russisk Александр Иванович Лактионов, (16. mai 191015. mars 1972) var ein tiljubla målar i etterkrigstidas Sovjetunionen. Hans nøyaktige og nærast fotografilike stil var svært populær, men hausta motbør frå kunstkritikarar og andre kunstnarar.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Laktionov var fødd i Rostov-ved-Don og studerte ved Leningrad kunstakademi 1926-29 og seinare,1938-44, tok han etterutdanning. Laktjonov var elev av målaren Isaak Brodskij og var påverka av Brodskijs tekniske og realistiske tilnærming, i samsvar med tradisjonane til dei gamle meistrane. Laktionovs gjennombrotsarbeid var Eit brev frå fronten (1947), eit verk som fanga den rådande tidsstemninga i Sovjetunionen etter den store fedrelandskrigen. Det er eit svært optimistisk verk, bada i ein varm glød, og er kjenneteikna ved sitt fråvere av konflikt, noko som vart motiv i Laktjonovs seinare arbeid og i den sosialistiske realismen generelt.

Laktionov vart mest berømt for sine sjangermåleri, så som Inn i eit nytt husvære (1952) og Sørgd for alderdomen (1958-60). Desse samvitsfullt realistiske verka målar eit overveldande positivt bilete av sovjet-samfunnet, framstillingar som for mange menneske må ha vore i klar kontrast med den røynlege kvardagen. Desse måleria var svært populære hos det store publikum, trass i ein meir blanda kritikk. Kritikken botna i hovudsak i at Laktjonovs merksemd mot detaljen, skygde for det kunstnariske uttrykket til gunst for naturalismen.

Trass i dette hadde Laktjonov mange støttespelarar i det statlege kulturbyråkratiet, som støtta hans nasjonalistiske og optimistiske handsaming av emnet for måleriet. Dette sikra Laktjonov ein svært suksessrik karriere og tilgang til å omgåast folk i det høgste sjiktet i sovjet-samfunnet. I sine seinare leveår fekk Laktjonov i oppdrag å måle portrett av mange av dei leiande skodespelarane, kirurgane, soldatane, politikarane og kosmonautane, attåt eit særleg berømt portrett av sjølvaste kamerat Stalin.