Aleksandr Legkov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aleksandr Legkov


Verkeleg namn Александр Геннадьевич Лёгков
Statsborgarskap Russland
Fødd 7. mai 1983 (40 år)
Krasnoarmejsk
Idrett langrenn
Tok del i

Vinter-OL 2006, Vinter-OL 2010, Langrenn under Vinter-OL 2014 – 50 kilometer fristil menn, Langrenn under Vinter-OL 2014 – 4 x 10 kilometer stafett menn, Ski-VM 2005, Ski-VM 2007, Ski-VM 2009, Ski-VM 2011, Ski-VM 2013, Ski-VM 2015

Utmerkingar

Venskapsordenen

Aleksandr Gennadjevitsj Legkov (fødd 7. mai 1983) er ein russisk langrennsløpar frå Krasnoarmejsk i Moskva oblast. Han vann Tour de ski i 2013 og vart nummer to i verdscupen i langrenn same sesongen.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Legkov fekk sin meisterskapsdebut under ski-VM 2005 i Oberstdorf, med ein 48. plass som best. Året etter deltok han i vinter-OL i Torino og vart nummer 20 på femmila.

«Tour de ski» 2006/07 vart Legkovs store gjennombrot, der han enda på andreplass, slått einast av tyske Tobias Angerer. To veker seinare tok han sin første siger i verdscupen, ein 30 km fellesstart fristil i Rybinsk. Under ski-VM 2007 fekk han ein sølvmedalje med Russland sitt stafettlag.

Legkov vann sitt andre verdscuprenn i Lahti i mars 2009, ein 15-kilometer i fristil og den tredje på «mini-touren» i Kuusamo i november 2010. Hans fjerde verdscupsiger kom 6. januar 2013 då han sikra seg sigeren i «Tour de ski», som aller første russar. Seinare i sesongen vann han 50 km i Holmenkollrennene. Han tok bronsje med det russiske stafettlaget i ski-VM 2013.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar