Aleksandr Litovtsjenko

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Aleksandr Litovsjenko)
Aleksandr Litovtsjenko

Verkeleg namn Александр Дмитриевич Литовченко
Fødd 14. mars 1835
Krementsjuk
Død

16. juni 1890 (55 år)
St. Petersburg

Yrke kunstmålar
Sjanger historiemåleri
Aleksandr Litovtsjenko på Commons

Aleksandr Dmitrijevitsj Litovtsjenko (26. mars 183528. juni 1890) var ein ukrainskfødd russisk målar som spesialiserte seg i å skildre det moskovittiske Russland av det 16. og 17. hundreåret. Han var fødd i Kremensjuk og døydde i St. Petersburg.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Ivan den skrekkelege viser skattane sine til Jerome Horsey, 1875

Litovtsjenko studerte ved St. Petersburgs kunstakademi. Trass i at han vart kritisert av sine medstudentar for heller oppstylta komposisjonar, vart han tildelt ei mindre gullmedalje for si framstilling av Karon som ror sjelene etter dei døde over Styx. Saman med fleire andre yngre målarar utfordra han akademismen som var rådande ved kunstakademiet. I 1863 forlet han dette for å drive som målar. Han gjekk med i Peredvizjnikij-rørsla i 1876.

I 1868 vart Litovtsjenko godkjend som akademi-målar for eit bilete av ein falkoner som var tilsett ved hoffet til tsar Aleksej. Mellom dei større verka hans, vart Ivan den skrekkelege viser sine skattar til Jerome Horsey (1875) erverva av tsaren til Russlands Museum i St. Petersburg. Tsar Aleksej og erkebiskop Nikon ærar dei jordiske leivningane av patriarken Filip (1886) vart kjøpt av Pavel Tretjakov til Tretjakovgalleriet i Moskva, til liks med dei beste portretta Litovsjenko hadde måla.

Litovtsjenko vert også hugsa som opphavsmann til sju veggmåleri i Frelsaren Kristus-katedralen i Moskva, og for ein serie ikonar til minnesmerket over Krimkrigen i Sevastopol.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]