Aleksandr Tsjajanov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Aleksandr Vasiljevitsj Tsjajanov (Russisk språk: Александр Васильевич Чаянов (1888-3. oktober 1937) var ein russisk økonom, som arbeidde med teoriar innan landbruksøkonomi i Sovjetunionen.

Han var positiv til landbrukskooperativ, men var skeptisk til einsidig samling til store gardsbruk. Av Josef Stalin vart han kritisert for å «forsvara kulakkane». I 1930 vart Tsjajanov arrestert i ei sak mot «arbeidarjordbrukarpartiet» (Трудовая крестьянская партия). Organisasjonen NKVD hadde konstruert saka, og gjeve ho namn etter ei science fiction bok skriven av Tsjajanov på 1920-talet. I åra etter sat han mykje i fengsel. Han vart i oktober 1937 arrestert nok ei gong, og til slutt skoten.

Tsjajanov er mest kjend for sine teoriar om økonomien til hushald innan landbruket. Mange bolsjevikar såg på sjølveigande bønder som kapitalistar. Tsjajanov argumenterte med at bøndene sin økonomi hadde sin eigen logikk, som ikkje var kapitalisme. Eit hushald innan landbruk er ei eining både for produksjon og forbruk. Målet for slike hushald er å oppnå eit minstemål av levestandard. Trass i dette var ikkje var ikkje slike hushald profittmaksimerande i kapitalistisk tyding.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]