Aleksandrovsk-Sakhalinskij

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Aleksandrovsk-Sakhalinskij
Александровск-Сахалинский
Byvåpenet til Aleksandrovsk-Sakhalinskij
Byvåpenet til Aleksandrovsk-Sakhalinskij


Plassering
Aleksandrovsk-Sakhalinskij is located in Russland
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Sakhalin oblast
Grunnlagd
Bystatus
1869
1917
Geografi
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)

11 387
Koordinatar 50°54′″N 142°09′″EKoordinatar: 50°54′″N 142°09′″E
Tidssone
- Ved sommartid
VLAT (UTC+10)
VLAST (UTC+11)
Diverse annan informasjon
Postnummer 694420
Retningsnummer (tlf) 42434

Aleksandrovsk-Sakhalinskij (russisk Алекса́ндровск-Сахали́нский) er ein by i Sakhalin oblast i Russland med om lag 11 000 innbyggjarar. Han ligg nær Tatarsundet på vestsida av øya Sakhalin, rundt 450 km nord for Juzjno-Sakhalinsk.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Aleksandrovskaja sloboda vart grunnlagt i 1869, og voks etter kvart til landsbyen Aleksandrovka. I 1881 vart det oppretta ein administrativ utpost i landsbyen, som då heitte Aleksandrovskij post. Utposten fungerte som eit administrativt senter for drift av katorga, fengsel, eksilbusetnader, og for heile øya fram til oktoberrevolusjonen. Anton Tsjekhov budde i byen i 1890 medan han samla stoff til boka Sakhalinøya. Han fekk bystatus til Aleksandrovskij i 1917.

Under den japanske okkupasjonen mellom 1918-1925 vart byen kalla Ako. I 1926 vart bynamnet endra til Aleksandrovsk-Sakhalinskij for å skilje han frå andre stader med same namn. Aleksandrovsk-Sakhalinskij var senter for Sakhalin oblast frå 1932 til 1947. Under Sovjet-tida var byen kjent for sine kolgruver.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Aleksandrovsk-Sakhalinskij

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.