Aleksej Bogoljubov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aleksej Bogoljubov

Ilja Repin: Portrett av Aleksej Bogoljubov, 1882
Fødenamn Алексей Петрович Боголюбов
Statsborgarskap Det russiske imperiet
Fødd 16. mars 1824
Pomeranye
Død

7. november 1896 (72 år)
8. arrondissement

Yrke kunstmålar, samlar, kunstlærar
Sjanger marinemåleri
Mor Q116196236
Aleksej Bogoljubov på Commons

Aleksej Petrovitsj Bogoljubov (16. mars 18243. februar 1896) var ein russisk kunstmålar som fyrst og fremst er kjend for landskapsbileta sine.

Yngre år[endre | endre wikiteksten]

Bogoljubov vart fødd i landsbyen Novgorod Gubernia i Pommern. Far hans var ein avgått oberst. Morfaren var elles ein velkjend filosof og samfunnskritikar, Aleksandr Radisjtsjev.

Sjøslaget ved Athos i 1807, 1853

Aleksej vart utdanna ved ein militærskule. Frå han var 17 år gammal tenestegjorde han i den russiske marinen. Medan han var i flåten vitja han mange land. I 1849 tok han til ved St. Petersburgs kunstakademi, der han studerte hos Maksim Vorobjev. I dei fyrste kunstnaråra var han sterkt påverka av Ivan Ajvazovskij. Han fullførte studiane i 1853, gjekk ut skulen med ein gullmedalje. Samstundes forlet han offiserstillinga i marinen, men vart av marineleiinga i staden utnemnd til målar for marinen.

Frå 1854 til 1860 reiste Bogoljubov rundt i Europa. Frå desse reiseåra samla han inntrykk som viser att i ein fruktbar produksjon. Landsmannen Aleksandr Ivanov, som han møtte i Roma, overtala Bogoljubov til å konsentrere seg meir om teikning. I Düsseldorf gjekk Bogoljubov i lære med den tyske målaren Andreas Achenbach. Til Paris komen kom han i kontakt med kunstnarar av den såkalla Barbizon-skulen. Franske målarar som Camille Corot og Charles-François Daubigny vart gode vener og samarbeidde med Bogoljubov.

I heimlandet[endre | endre wikiteksten]

Utsikt mot Frantiskovij-lazne

Bogoljubov flytta tilbake til Russland i 1860. Han fekk utstilt arbeida sine i kunstakademiet og underviste nokre år med tittelen professor. I 1860-åra reiste han langs Volga. Måleria mista etter alle trekk av romantisk kunstforståing, i staden kom innslag av rein naturalisme. I 1871 vart han vald inn i St. Petersburg kunstakademi.

Frå 1870 var Bogoljubov i nær kontakt med Peredvizjnikij-rørsla, han deltok på alle vandreutstillingane til foreininga. Han vart også styremedlem i foreininga. Han var mykje eldre enn flesteparten av dei andre medlemene i rørsla, og hadde lite til overs for deira tankar om samfunnet. I solidaritet med kollegaene i Peredevizjnikij forlet han likevel St. Petersburgs kunstakademi i 1873. Han prøvde deretter å grunnleggje eit alternativt russisk kunstakademi i Roma.

Vinter i Borisgleb

I Paris[endre | endre wikiteksten]

På grunn av hjarteplager budde Bogoljubov etter 1873 i hovudsak i Paris. Heimen hans var som ein russisk koloni, mellom dei som ofte var på besøk fann ein Ivan Turgenjev, Ilja Repin, Vasilij Polenov, Mark Antokolskij og Vasilij Veresjtsjagin.

I 1885 opna Bogoljubov eit kunstmuseum i Saratov, Radisjtsjev Kunstmuseum, oppkalla etter bestefaren hans. Det var det fyrste kunstmuseet i Russland ope for alle og ein kvar. Offentleg tilgjenge til Tretjakovgalleriet i Moskva kom fyrst sju år seinare, og til Russlands Museum i St. Petersburg femten år etter. Oppkallinga av museet etter den «fyrste russiske revolusjonære», Aleksandr Radisjtsjev, var ei open utfordring mot styresmaktene. Bogoljubov måtte gjennom ein rettsstrid for å få løyve.

Bogoljubov døydde i 1896 i Paris. All kapitalen etter seg testamenterte han til eit museum og ein målarskule. Skulen vart opna etter Bogoljubovs død og fekk namnet Bogoljubovs målarskule (Боголюбовское Рисовальное Училище). Framståande modernistmålarar som Viktor Borisov-Musatov og Pavel Kuznetsov var målarar som fekk utdanning ved Bogoljubov-skulen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Aleksej Bogoljubov