Aleksej Krutsjonykh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aleksej Krutsjonykh

Verkeleg namn Алексей Елисеевич Крученых
Pseudonym Александр Кручёных
Statsborgarskap Det russiske imperiet, Sovjetunionen
Fødd 21. februar 1886
Q12087165, Guvernementet Kherson
Død

17. juni 1968 (82 år)
Moskva

Yrke lyrikar, skribent, skodespelar, teiknar, bibliofil
Medlem av Supremus
Aleksej Krutsjonykh på Commons
Mikhail Larionov: Aleksej Krutsjonykh, 1912

Aleksej Jelisejevitsj Krutsjonykh (21. juni 188617. januar 1968) var ein russisk poet.

Krutsjonykh studerte ved kunstskulen i Odessa. År 1912 gav han og Velimir Khlebnikov ut diktet Igra v adu som var illustrert av Kasimir Malevitsj. Saman med Khlebnikov vert Krutsjonykh rekna som oppfinnaren av kunstspråket zaum. Krutsjonykh skreiv elles librettoen til futuristoperaen Siger over sola, med kulissar laga av Kasimir Malevitsj.

I 1912 underskreiv Krutsjonykh dei russiske futuristane sitt manifest Ein øyrefik til den offentlege smaken. Året etter var han med og sende ut programskriftet Slovo kak takovo, der idéen om det transmentale språket vart lansert.

Truleg var Krutsjonykh den mest radikale poeten knytt til den russiske futurismen, ei rørsle som og Vladimir Majakovskij, David Burljuk og andre tok del i.

Han gifta seg med avantgarde-målaren Olga Rozanova i 1912.

Krutsjonykh sitt mest berømte dikt[endre | endre wikiteksten]

Zaum Omsetjing

Дыр бул щыл
убещур
скум
вы со бу
р л эз

Dyr bul shchyl
ubeshchur
skum
vy so bu
r l ez

(1913)