Aleksej Pisemskij

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aleksej Pisemskij

Statsborgarskap Det russiske imperiet
Fødd 11. mars 1821
Tsjukhlomskoj ujezd
Død

21. januar 1881 (59 år)
Moskva

Yrke skodespelforfattar, romanforfattar, skribent
Språk russisk
Aleksej Pisemskij på Commons

Aleksej Feofilaktovitsj Pisemskij (russisk: Алексей Феофилактович Писемский), (23. mars 18212. februar 1881) var ein russisk forfattar og dramatikar. I samtida vart han rekna for å vere like stor forfattar som Ivan Turgenjev og Fjodor Dostojevskij. 1900-talets litteraturhistorikarar rekna han derimot ikkje som ein av dei aller største russiske forfattarane.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Pisemskij var fødd i provinsen Kostroma. Etter universitetsstudiar i Moskva var han 1844-72 tenestemann i det offentlege, fyrst på heimlege trakter, sidan i St. Petersburg og Moskva. Han debuterte som forfattar i 1858 med romanen Bojarsjtsjina, ei bok som vart forboden grunna den vanvyrdige skildringa av den russiske adelen. Hans viktigaste romanar er Tusen sjeler (1858) som skildrar landsbylivet frå ulike sider, og I Malstrømmen (1863), som vekte stor merksemd på grunn av det politiske innhaldet og den personlege framstillinga.

Mellom Pisemskijs dramatiske verk er tragedien Ein bitter lagnad frå 1859 det mest kjende. Dramaet skildrar dei mørke sidene hos den russiske allmugen.

Verk på norsk[endre | endre wikiteksten]

  • I Malstrømmen. 1889-90
  • Tusen sjeler. 1948