Aleksej Savrasov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Aleksej Savrasov, foto frå 1870-åra.

Aleksej Kondratjevitsj Savrasov (russisk: Алексе́й Кондра́тьевич Савра́сов), (24. mai 18308. oktober 1897), var ein russisk kunstmålar, føregangsmann i bruken av den såkalla lyriske landskapsstilen.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Savrasov var av kjøpmannsætt. Han begynte tidleg å teikne. I 1838 skreiv han seg inn som elev ved Moskvas skule i måling, bilethogging og arkitektur. Her begynte han omgåande å spesialisere seg i landskapsmåling.

I 1852, to år etter han avla eksamen ved målarskulen i Moskva, reiste han til Ukraina. Savrasov vart i 1854 invitert av leiaren i Det keisarlege kunstakademiet, storhertuginne Maria Nikolajevna, til St. Petersburg. Tre år seinare, i 1857, flytta han til Moskva, då han fekk lærarstilling på kunstskulen der han sjølv hadde studert. Hans fremste elevar, Isaak Levitan og Konstantin Korovin, hugsa læraren sin i beundring og takksemd.

Savrasov gifta seg i 1857 med Sofija Hertz. Heimen deira vart ein samlingsstad for kunstnarar og kunstsamlarar, så som Pavel Tretjakov. Savrasov og særleg Vasilij Perov utvikla eit nært vennskap. Perov hjelpte Sarasov med å teikne figurar på hans bilete Volga nær Jurjevets, medan Savrasov måla landskapa på Perov sine måleri Fuglefangaren og på Jegerar i bivuakk.

I 1862 reiste Savrasov til England for å sjå verdsutstillinga i London. I eit brev heim skreiv han at ikkje noko kunstakademi i verda kunne utvikle ein kunstnar slik som verdsutstillinga. På ferda vitja Sarasov også Sveits. Målarane som kom til å påverke han mest var den britiske målaren John Constable og hans sveitsiske kollega Alexandre Calame.

I 1870 braut Savrasov med den regjerings-støtta akademi-kunsten og vart medlem av Peredvizjnikij-gruppa som arbeidde for ein realistisk målestil.

Aleksej Savrasov: Kornkråkene er komne, (1871).

Hovudverk, målestil[endre | endre wikiteksten]

Kornkråkene er komne (1871) er av mange rekna for å vere høgdepunktet i Savrasov sin kunst. I framstillinga av ei vanleg, nesten triviell, hending med fuglane sin tilbakekomst og i eit særs einstonig landskap, viser Savrasov på ein kjenslevar måte overgangen i naturen frå vinter til vår. Kornkråkene er komne vart måla i nærleiken av Ipatjevklosteret i Kostroma. Måleriet gjorde Savrasov berømt.

Kornkråkene er komne er utrykk for ein ny type lyrisk landskapsmåling, av seinare kunstkritikarar kalla for stemningslandskap. Savrasov heldt fram å måle i denne stilen. Måleri av han var representert både ved verdsutstillingane i Wien i 1873, og Paris i 1878, og ved den storrussiske utstillinga i Moskva i 1882.

Endelikt[endre | endre wikiteksten]

Etter dotter hans døydde kom Savrasov i personleg krise, og han vart etter kvart alkoholikar. Kan hende var han også misnøgd med si kunstnariske utvikling. Alle forsøk frå slektningar og vener på å hjelpe han var fåfengte.

Dei siste åra av sitt levde Savrasov i stor fattigdom, vandra rundt i Moskva og sov i krypinn. Berre dørvakta ved Moskvas skule i måling, bilethogging og arkitektur og Pavel Tretjakov, grunnleggaren av Tretjakovgalleriet, skal ha vore til stades ved Savrasovs gravferd i 1897.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Aleksej Savrasov