Aleksej Spiridonov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aleksej Spiridonov
Fødenamn Алексей Сергеевич Спиридонов
Statsborgarskap Sovjetunionen, Russland
Fødd 20. november 1951
St. Petersburg
Død

9. april 1998 (46 år)
St. Petersburg

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1976

Utmerkingar

Idrettens mester i Sovjetunionen

Aleksej Sergejevitsj Spiridonov (20. november 19519. april 1998) var ein sovjetisk friidrettsutøvar som i hovudsak tevla i sleggekast. Han vart europameister i øvinga i Roma i 1974 og fekk sølvmedaljen under sommar-OL 1976 i Montreal. Spiridonov var fødd i Leningrad, og døydde i same byen, som då heitte St. Peterbsurg.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Spiridonov vart i 1974 europameister i sleggekast. Med eit bestekast på 74,20 m slo han Jochen Sachse frå DDR med 20 centimeter, sistnemnde sin landsmann, Reinhard Theimer fekk bronsen med 71,62 m. Fire dagar etter han vart europameister, forbetra Spiridonov verdsrekorden til Theimer med seks cm til 76,66 m. Året etter vann han i Roma unversiaden.

Under sommar-olympiaden i Montreal i 1976 kom Spiridonov på sølvplassen i sleggetevlinga. Med eit kast på 76,08 m plasserte han seg mellom landsmennene Jurij Sedykh (77,64 m) og Anatolij Bondartsjuk (75,48), slik at alle medaljane i øvinga gjekk til Sovjetunionen. Han kom ikkje med til EM i friidrett 1978, trass i at han vart nummer tre i den sovjetiske meisterskapen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]