Aleppo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Aleppo
Gamlebyen i Aleppo
Gamlebyen i Aleppo
Styresmakter
Land Syria
Geografi
Koordinatar 36°13′0″N 37°10′0″EKoordinatar: 36°13′0″N 37°10′0″E
Plassering
Aleppo (Syria)
Aleppo
Aleppo

Aleppo (arabisk Halab, tyrkisk Halep) er ein by nord i Syria. Han hadde i 2003 eit innbyggjartal på 2,1 millionar og er den største i landet. Byen ligg i eit ørkenliknande slettelandskap nær grensa til Tyrkia, er eit knutepunkt for samferdsla og ein viktig handelsby. Gamlebyen er med på lista til UNESCO over verdsarv. Byen fekk eit universitet i 1961.

Aleppo vart grunnlagd kring 2000 fvt. og låg på den viktigaste karavanevegen frå Mellomhavet gjennom Syria til Bagdad. Byen vart tidleg viktig, og vart i antikken mellom anna kalla Khalybon. Han vart kringsett av krossfarar i 1124, men fall ikkje. Byen var tyrkisk i tidsrommet 1517-1918.

I Aleppo [endre]

Gamlebyen i Aleppo er teken med på UNESCO si verdsarvliste. Her ligg mellom anna den store Omajademoskeen i Aleppo.

Det syriske bibelselskapet, ein del av Dei sameina bibelselskapa, har tilhald i Aleppo.

Bakgrunnsstoff [endre]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Aleppo

Kjelder [endre]