Aleutargropa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over Aleutengraben

Aleutargropa er ein subduksjonssone og djuphavsgrop som går langs sørsida av Alaska og havområda utanfor kysten av Kamtsjatkahalvøya i Sibir. Ho vert klassifisert som ei «randgrop» i aust sidan ho går langs randa av kontinentet. Gropa er 3400 km lang frå eit trippelpunkt i vest med Ulakhanforkastinga og Kuril-Kamtsjatka-gropa til Queen Charlotte-forkastinga i aust. Aleutargropa dannar grensa mellom to jordskorpeplater. Her forsvinn Stillehavsplata under den nordamerikanske plata med ein vinkel på nesten 45º. Den djupaste delen av Aleutargropa er målt til 7679 meter. Nord for gropa går ei rekkje vulkanar og øyar som er dannar der jordskorpa har smelta.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]