Alevtina Koltsjina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Alevtina Pavlovna Koltsjina (russisk: Алевтина Павловна Колчина) (fødd 11. november 1930) er ein tidlegare sovjetisk langrennsløpar og olympisk meister i stafett. Ho var gift med Pavel Koltsjin, som også vart olympisk meister i langrenn. [1]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Alevtina Koltsjina deltok under Vinter-OL 1956 i Cortina d'Ampezzo. Ho kom på fjerdeplass på 10 km her, men tok sølv med stafettlaget på 3 x 5 km. [2] To år etter deltok ho i VM på ski i Lahti, der ho vart verdsmeister på same distansen. Like bra gjekk det ikkje under Vinter-OL 1960 i Squaw Valley, då ho igjen kom på fjerdeplass. [3]

Koltsjina gjorde eit suverent ski-VM 1962 i Zakopane, der ho vart verdsmeister både på 5 km og 10 km. I 1963 vart ho tildelt Holmenkollmedaljen saman med ektemannen, Astrid Sandvik og Torbjørn Yggeseth. Under hennar tredje OL, vinter-OL 1964 i Innsbruck, fekk ho bronsemedalje på 5 km, men vart i tillegg olympisk meister i 3 x 5 km stafett for kvinner. [4]Under VM på ski i Oslo i 1966 vart ho igjen verdsmeister på 5 km og tok sølv på 10 km.

Hennar fjerde og siste vinter-OL vart vinter-OL 1968 i Grenoble. I ein alder av 37 år tok ho her bronse på 5 km, og bronse med det sovjetiske stafettlaget på 3 x 5 km. Koltsjina var ikkje med i større internasjonale tevlingar etter dette. Sonen Fjodor Koltsjin har også vore profesjonell langrennar. [5]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]