Alex Acuña

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Acuña bak slagverket i april 2009.

Alejandro Neciosup Acuña (fødd 12. desember 1944) er ein trommeslagar og perkusjonist opphavleg frå Peru. Han er kjend frå band som Weather Report og Koinonia på 1970- og 80-talet.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Alex Acuña voks opp på landsbygda i Lima-regionen i Peru. Frå han var ti år gamal spelte han i lokale musikkgrupper, og som tenåring flytte han til Lima. Atten år gamal vart han med i bandet til cubanske Perez Prado, og i 1967 flytte han til Puerto Rico. I 1974 flytte han til Las Vegas i Sambandsstatane, der han jobba med artistar som Elvis Presley og Diana Ross m. fl. I 1975 vart han med i jazz-fusion-gruppa Weather Report. Han spelte på platene Black Market (1976) og Heavy Weather (1977) før han forlét bandet i 1978.

I 1980 vart Alex Acuña med i den kristne jazz-funk-gruppa Koinonia, som han reiste på turné med og gav ut 4 studioplater med. Koinonia vart oppløyst i 1991, og i tida etterpå har Acuña vore svært aktiv som musikar. Han har samarbeidd med m.a. Paul McCartney, Joni Mitchell, Ella Fitzgerald, Chick Corea, Whitney Houston, Plácido Domingo, Sam Phillips, Wayne Shorter, Joe Zawinul, Herbie Hancock, Carlos Santana, Antonio Carlos Jobim, Beck, U2, Michael Brecker og Robbie Robertson, for å nemna nokre. Han har også spelt på plata Walkin' on Air (1987) med norske Bobbysocks. I tillegg har han undervist ved University of California i Los Angeles og ved Berklee College of Music.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]