Alexander Cappelen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alexander Cappelen
Fødd29. mai 1969
NasjonalitetNoreg
Yrkeprofessor, samfunnsøkonom

Alexander Wright Cappelen (fødd 29. mai 1969 i Oslo) er ein norsk etikk- og økonomiprofessor ved Noregs Handelshøgskole (NHH).

Cappelen har hovudsakleg arbeidd innan forskingsområda skattepolitikk, rettferdig fordeling, næringslivsetikk og eksperimentell økonomi. Han er medlem av den nasjonale forskningsetiske komité for samfunnsvitskap og humaniora.

Cappelen er utdanna dr.oecon. ved NHH i 2000 og har òg MPhil in Economics frå Oxford University. Han har vore postdoktorstipendiat på Økonomisk Institutt ved Universitetet i Oslo. Han har vore knytt til Norges Forskningsråd sitt etikk-program. I 2003 sat han i utvalet som foreslo etiske retningsliner for Petroleumsfondet. Han var i perioden 2001–2005 leiar for Senter for økonomi og etikk ved NHH. Han har to gonger vunne Bronsesvampen, NHH-studentane sine førelesarpris.[1] I 2006 fekk han Ingvar Wedervangs forskningspris for yngre forskarar.[2]

Alexander Cappelen er son til skodespelaren Kari Simonsen og forfattaren Peder Wright Cappelen, og høyrer til den såkalla Forlagsgreina i den norske Cappelen-slekta.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Paraplyen, internavis for NHH-miljøet, 11. januar 2008: Cappelen fikk Bronsesvampen Arkivert 2011-06-13 ved Wayback Machine.
  2. Nettavisen, 29. mai 2008: - Jobb med det du brenner for!

Kjelde[endre | endre wikiteksten]