Alexander von Kotzebue

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Alexander von kotzebue.jpg

Alexander Friedrich Wilhelm Franz von Kotzebue (russisk Александр Евстафиевич Коцебу - Aleksander Evstafijevitsj Kotzebu) (fødd 9. juni 1815 i Königsberg, død 24. august 1889 i München) var ein tysk-russisk slag- og historiemålar frå romantikken.

Han var son av forfattaren August von Kotzebue. Etter faren døydde i 1819 vart han utdanna i kadettkorpset i St. Petersburg og og vart i 1834 løytnant i garden. Etter fire år forlet han derimot militæret og starta som student på kunstakademiet i St. Petersburg. Der var han i seks år før han reiste til Paris i 1846 og i 1848 reisten han på tur til Belgia, Holland, Italia og Tyskland før han til slutt slo seg ned i München.

Kotzebue var russiske professor og æresmedlem av München-akademiet.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Det første måleriet hans, Erobringen av Warszawa, vart målt i 1844 i St. Petersburg. Sidan då måla han mange russiske slag i sjuårskrigen og frå felttoga til Suvorov i store måleri for tsaren av Russland. Av dei viktigaste verka hans finn ein Storminga av Warschaus, Slaget ved Poltava, Storminga av Narva, Kryssinga av Djevelbrua, og Grunnlegginga av St. Petersburg.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Alexander von Kotzebue

Kjelder[endre | endre wikiteksten]