Alexandra Meissnitzer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alexandra Meissnitzer


Statsborgarskap Austerrike
Fødd 18. juni 1973 (50 år)
Abtenau
Idrett alpint
Tok del i

Alpine greiner under Vinter-OL 1994, Alpine greiner under Vinter-OL 2002, Alpint under Vinter-OL 1998 – Super-G kvinner, Alpint under Vinter-OL 2006 – Super-G kvinner, Alpint under Vinter-OL 1998 – Storslalåm kvinner

Utmerkingar

æresteikn i gull for tenester til den austerrikske republikken

Alexandra Meissnitzer (fødd 18. juni 1973) er ein austerriksk tidlegare skirennar frå Abtenau i forbundslandet Salzburg som vann verdscupen i alpine greiner 1999 og same sesongen vart verdsmeister i både storslalåm og super-G under VM i alpine greiner 1999 i Vail i USA.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Meissnitzer debuterte i verdscupen i alpine greiner den. 7. desember 1991. Nøyaktig på dagen fire år seinare vann ho super-G-rennet i Val-d’Isère og tok sin fyrste siger i verdscupen.

Sesongen 1997/98 oppnådde Meissnitzer seks pallplasseringar, og i det siste rennet for sesongen fekk ho sin fyrste verdscupsiger i storslalåm. Under Vinter-OL 1998 i Nagano tok ho sølv i storslalåm og bronse i super-G, i utfor kom ho på åttandeplass.

Framom 1999-sesongen bytta ho til skimerket Völkl. Under VM i alpine greiner 1999 i Vail og Beaver Creek vann ho gullmedaljane i både super-G og storslalåm. Ho kom på fjerdeplass i utfor, seks hundredels sekund bak bronsevinnaren. Gjennom vinteren vann ho heile åtte verdscuprenn og stakk dermed avgarde med den store FIS-pokalen. Ho gjekk også til topps i kampen om super-G- og storslalåm-pokalane.

Meissnitzer var noko skadeplaga dei neste sesongane. Under VM i alpine greiner 2003 i St. Moritz vann ho sølvmedaljen i utforrennet, slått med elleve hundredels sekund av kanadiske Mélanie Turgeon. I januar 2004 vann Meissnitzer eit verdscuprenn for fyrste gong på nær fem år, då ho sigra i super-G i Megève i Frankrike.

32 år gammal vann Meissnitzer si tredje olympiske medalje under vinterleikane 2006, ein bronsemedalje i yndlingsgreina super-G. Den 13. mars 2008 vart ho nummer tre i super-G under verdscupavslutninga i italienske Bormio, dermed var ho den eldste kvinnelege skialpinisten som hadde stått på sigerspallen etter eit verdscuprenn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]