Alexandre Alekhine

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alexandre Alekhine

Statsborgarskap Frankrike, Det russiske imperiet, Sovjetunionen, Den russiske sosialistiske føderative sovjetrepublikken
Fødd 31. oktober 1892
Moskva
Død

24. mars 1946 (53 år)
Estoril

Yrke sjakkspelar, sjakkteoretiker, skribent, jurist, omsetjar
Språk fransk, russisk
Religion Ortodoks kristendom
Far Alexander Alekhin
Mor Anisija Ivanovna Prokhorova
Ektefelle Grace Alekhine
Alexandre Alekhine på Commons
Alexandre Alekhine

Alexandre Alekhine[1] (31. oktober 189224. mars 1946) var ein russisk og fransk sjakkspelar, den fjerde verdsmeisteren i sjakk frå 1927 til 1935 og frå 1937 til han døydde i Estoril i Portugal i 1946.

Unge år og tidleg karriere[endre | endre wikiteksten]

Alekhine vart fødd i ei velståande familie i Moskva. Faren var godseigar, mora var dottera til ein rik industriherre. Han lærte å spele sjakk av mora, den eldre broren Alexei og systera. 10 år gammal deltok han i postsjakk-turneringar, og frå 1907 begynte han å delta i vanlege sjakkturneringar. Han deltok deretter i mange turneringar, med etter kvart gode resultat, og hadde som 16-åring etablert seg som ein av Russland sine beste spelarar. I 1911 flytta han til St. Petersburg for å studere jus. I januar 1914 vann han si første større russiske turnering, delt med Aaron Nimzowitsch, den all-russiske meisterturneringa i St. Petersburg.

I april-mai 1914 vart det arrangert ei ny stor sjakkturnering i St. Petersburg. Verdsmeisteren Emanuel Lasker vann turneringa , med den neste verdsmeisteren José Raúl Capablanca på andreplass, men på tredjeplass i finalen kom Alekhine, framom Siegbert Tarrasch og Frank Marshall.

I juli-august 1914 var det turnering i Mannheim i Tyskland, den 19. tyske sjakkongressen. Etter 11 rundar leia Alekhine turneringa, med 9 sigrar, ein remis og eit tap. Då braut den første verdskrigen ut, og etter at Tyskland hadde erklært krig mot Russland vart turneringa avbroten, og dei 11 russiske spelarane vart internerte, mellom dei Alekhine. 4 av spelarane fekk dra heim i september 1914, dei andre vart sitjande internert til dels heile krigen. Alekhine prøvde å hjelpe dei som sat internerte, og skaffa pengar mellom anna ved å gje simultan-oppvisingar. Alekhine heldt fram med å spele sjakk dei neste åra, men var også i Raudekrossen ved den østerrikske fronten i mai 1916. Hausten 1917 kom Oktoberrevolusjonen. Alekhine var frå overklassa, og vart i juni 1918 arrestert av Tsjekaen i Odessa og sett på dødscelle, mistenkt for å vere spion for dei kvite, men vart snart slept fri.

1920-1927[endre | endre wikiteksten]

Då tilhøva roa seg i Russland, viste Alekhine snart at han var blant dei beste spelarane i landet. Han vann Moskva-meisterskapen i januar 1920 med 11/11. Og i oktober 1920 vann han den All-Russiske meisterskapen i Moskva med +9 =6 -0. Denne turneringa vart seinare definert som den første Sovjetmeisterskapen i sjakk.

Tidleg i 1920 gifta Alekhine seg med den russiske baronessa Anna von Sergewin, som var fleire år eldre enn han. Formålet var å gjere den sju år gamle dottera Valentina ektefødd.[2] Ei kort tid i 1920–1921 arbeidde han som omsetjar for Den kommunistiske internasjonalen (Komintern), og han vart utnemnd som sekretær i Utdanningavdelinga. Han møtte då den sveitsiske journalisten og Komintern-delegaten Anneliese Rüegg, som var tretten år eldre enn han, og dei gifta seg den 15. mars 1921. Like etter fekk Alekhine løyve til å dra frå landet saman med kona, for eit besøk i vesten. Alekhine kom aldri seinare tilbake til Russland. I juni 1921 forlét han Annaliese Rüegg i Paris, og drog til Berlin.

Frå 1921 til 1927 klarte Alekhine å vinne - åleine eller delt - om lag 2/3-delar av dei mange turneringane han deltok i. Dei "minst suksessfulle" turneringane var ein delt tredjeplass i Wien 1922 etter Akiba Rubinstein og Richard Réti; og terdjeplass i turneringa i New York 1924 etter tidlegare verdsmeister Emanuel Lasker og dåverande verdsmeister José Raúl Capablanca, men framom Frank James Marshall, Richard Réti, Géza Maróczy, Efim Bogoljubov, Savielly Tartakower, Frederick Yates, Edward Lasker og David Janowski.

Alekhine sitt fremste mål desse åra var å få arrangert og vinne ein kamp om VM-tittelen mot verdsmeisteren Capablanca. Han gav uttrykk for at det vanskelegaste problemet ikkje var Capablanca sitt spel, men kravet etter «London-reglane» om at utfordraren måtte stille ein premiesum på US dollar 10.000, i noverande pengeverdi om lag kr 2.800.000, der den forsvarande meisteren skulle motta meir enn halvparten sjølv om han tapte. Alekhine utfordra Capablanca i 1921, som også Akiba Rubinstein og Aaron Nimzowitsch gjorde i 1923, men ingen av desse var i stand til å stille med dei nødvendige $10,000.[3][4]

For å skaffe pengar drog Alekhine mellom anna på turne, der han hadde simultan-oppvisingar kveld etter kveld for beskjedne honorar. I New York den 27. april 1924 sette han ny verdsrekord i blindsjakk-simultan, med 26 motstandarar. Han vann seksten parti, tapte 5 og spelte 5 remis etter 12 timar spel. Han slo sin eigen rekord 1. februar 1925 i Paris med 28 motstandarar blindt samtidig, med 22 sigrar, 3 remisar og 3 tap.

I 1925 vart han fransk statsborgar. Han begynte også på juridisk fakultet ved Sorbonne. Det er ikkje bekrefta at han avslutta studia der, men han var kjend som «dr. Alekhine» på 1930-talet.

I oktober 1926 vann han ei turnering i Buenos Aires, og frå desember 1926 til januar 1927 vann han ein tvekamp mot Max Euwe 5½–4½. I 1927 gifte han seg med si tredje kone, Nadiezda Vasiliev (née Fabritzky) (Nadejda Fabritzky, Nadezhda Vasilieff), enda ei eldre kvinne, enka til den russiske generalen V. Vasiliev (Vassilieff).[5]

Verdsmeistertittelen[endre | endre wikiteksten]

I 1927 vart Alekhine si utfordring til Capablanca støtta av ei gruppe argentinske forretningsmenn og presidenten i Argentina, som garanterte pengepremiane, og som organiserte VM-kampen i Buenos Aires.

Det vart ein hardt kjempa og lang tvekamp, der reglane var førstemann til 6 vinstar. Då Alekhine etter kvart vann sin 6. siger mot Capablanca sine då 3 sigrar, i det 34 partiet, 25 remisar, hadde Alekhine slått den «uovervinnelege» Capablanca.[6] Resultatet overraska sjakkverda, mellom anna fordi Alekhine aldri før hadde vunne eit sjakkparti mot Capablanca, og fordi Capablanca desse åra nesten ikkje tapte noko sjakkparti.

Årsaka til sigeren var nok gode førebuingar frå Alekhine si side, der han tilpassa spelestilen sin til å passe til Capablanca sin stil. Han gjekk sjeldan til angrep, og berre når han var sikker på at han hadde fordel. Capablanca vann ingen enkle parti i tvikampen og var kanskje for sjølvsikker på førehand - og det var kanskje første gongen Capablanca møtte verkeleg hard motstand.

Åra 1927-1935[endre | endre wikiteksten]

Straks etter sigeren kunngjorde Alekhine at han kravde same vilkår for ein omkamp som Capablanca hadde kravd for VM-kampen, US dollar 10.000, der meir enn halvparten uansett resultat skulle gå til den forsvarande verdsmeisteren. Forhandlingane om ein omkamp heldt fram i årevis, utan å bli noko av. Forholdet mellom dei to vart etter kvart nokså bittert.

Etter VM-kampen drog Alekhine tilbake til Paris. Han uttalte seg der negativt om bolsjevismen. Dette førte til at Nikolai Krylenko, president i det sovjetiske sjakkforbundet, i eit offisielt dokument erklærte at Alekhine skulle sjåast på som ein fiende av Sovjetunionen. Det sovjetiske sjakkforbundet braut all kontakt med Alekhine fram til slutten av 1930-talet. Den eldre broren Alexei Alekhine, som hadde stått Alexander Alekhine svært nær, tok offentleg avstand frå Alexander Alekhine og dei anti-sovjetiske uttalane, men han hadde nok ikkje noko val slik situasjonen var i Sovjetunionen då. Alexei Alekhine vart drepen i august 1939.

Etter sigeren mot Capablanca så dominerte Alekhine sjakkverda til midten av 1930-talet. Dei mest berømnte sigrane i sjakkturneringar kom i San Remo 1930, der han utan tap kom 3,5 poeng framom Aron Nimzowitsch og Bled 1931, der han utan tap kom 5,5 poeng framom Efim Bogoljubow. Han vann dei fleste andre turneringane åleine, delte førsteplassen i to, og den første turneringa han kom lenger ned var Hastings 1933–34 med delt andreplass, ½ poeng etter Salo Flohr. Han tapte berre 7 av 238 turneringsparti i perioden 19271935.

Sjølv om Alekhine aldri vart einige om vilkåra for ein VM-kamp mot Capablanca, så spelte han to VM-kampar mot Efim Bogoljubow, ein offisiell «Verdssjakkforbund-utfordrar», i 1929 og 1934. Alekhine vann begge kampane greit.

Den første vart halden i Wiesbaden, Heidelberg, Berlin, den Haag og Amsterdam frå september til november 1929, og Alekhine vann med 11 sigrar, 9 remisar og 5 tap.[7]

Frå april til juni 1934 var det ny VM-kamp, denne gongen i 12 tyske byar. Alekhine vann med +8 -3 =15.[8]

Mellom 1930 og 1935 spelte Alekhine første bord for Frankrike i fire sjakkolympiader. Han vann første skjønnheitspris i Hamburg i 1930; gullmedalje for resultatet på første bord i Praha i 1931 og Folkestone i 1933; og sølvmedalje for første bord i Warszawa i 1935. Tapet mot den latviske meisteren Hermanis Matisons i Praha i 1931 var det første tapet til Alekhine i ei seriøs sjakkonkurranse sidan han vann VM-tittelen i 1927.

Tidleg på 1930-talet reiste Alekhine verda rundt og gav simultanoppvisingar, mellom anna i Hawaii, Tokyo, Manila og Singapore,[9] Shanghai, Hong Kong, og det som då vart kalla Det nederlandske Austindia, no Indonesia.

I juli 1933 spelte Alekhine mot 32 motstandarar blindt samtidig, i Chicago, der han vann 19, spelte 9 remis og tapte 4, ny verdsrekord i blindsimultan i sjakk. [10]

I 1934 gifta Alekhine seg med si fjerde kone, Grace Freeman (fødd Wishard). Ho var 16 år eldre enn han. Ho var den amerikanskfødde enka til ein britisk eigar av te-plantasjar på Ceylon. Grace Alekhine beheldt sitt britiske statsborgarskap så lenge ho levde, og var gift med Alekhine til han døydde.

Tap av VM-tittelen 1935-1937[endre | endre wikiteksten]

I 1933 utfordra Alekhine Max Euwe til ein VM-kamp. Euwe var tidleg på 1930-talet rekna som ein av tre verdige utfordrarar til VM-tittelen. Dei to andre var Capablanca og Salo Flohr.

VM-kampen 1935[endre | endre wikiteksten]

3. oktober 1935 begynte VM-kampen i Zandvoort i Nederland. Alekhine tok tidleg leiinga, men Euwe kom tilbake, og frå det 13. partiet vann Euwe dobbelt så mange parti som Alekhine. Utfordraren vart verdsmeister i sjakk 15. desember 1935 med 9 sigrar, 13 remisar og 8 tap.[11] [12] Dette var den første VM-kampen som hadde offisielle sekundantar: Alekhine hadde Salo Landau og Euwe hadde Geza Maroczy.[13]

Euwe sin siger var ei stor overrasking, og det har blitt hevda at mykje av årsaka låg i Alekhine sine alkoholproblem.[14] Salo Flohr, som også bisto Euwe i tvekampen, har gitt uttrykk for at Alekhine var for sjølvsikker, og at dette var ei større årsak til Alekhine sine problem enn alkohol. Alekhine hadde også sagt før tvikampen at han ville vinne denne lett.[15][16] Seinare verdsmeistrar i sjakk, Vassilij Smyslov, Boris Spasskij, Anatolij Karpov og Garri Kasparov har alle analysert partia i VM-kampen for eige formål, og har gitt uttrykk for at Euwe fortente å vinne, og at kvaliteten på spelet var ein VM-kamp verdig. [15]

Blanda turneringsresultat 1936-1937[endre | endre wikiteksten]

I dei 18 månadane som gjekk etter at Alekhine tapte tittelen så spelte han i 10 turneringar, med blanda resultat: Delt førsteplass med Paul Keres i Bad Nauheim i mai 1936; førsteplass i Dresden i juni 1936; andreplass etter Salo Flohr i Poděbrady i juli 1936; sjetteplass, etter Capablanca, Mikhail Botvinnik, Reuben Fine, Samuel Reshevsky og Euwe i Nottingham i august 1936; tredjeplass etter Euwe og Fine i Amsterdam i oktober 1936; delt førsteplass med Salo Landau i Amsterdam (Quadrangular), også i oktober 1936; i 1936/37 vann han Hastings framom Fine og Erich Eliskases; førseplass i Nice (Quadrangular) i mars 1937; tredjeplass etter Keres og Fine i Margate i april 1937; delt fjerdeplass med Keres, etter Flohr, Reshevsky og Vladimirs Petrovs i Kemeri i juni-juli 1937; delt andreplass med Bogoljubow, etter Euwe, i Bad Nauheim (Quadrangular) i juli 1937.[17]

Verdsmeister på nytt frå 1937[endre | endre wikiteksten]

VM-kampen mot Euwe 1937[endre | endre wikiteksten]

Max Euwe aksepterte ein tidleg returkamp med Alekhine, noko José Raúl Capablanca aldri hadde fått etter at Alekhine vann VM-tittelen i 1927. Alekhine vann tok tilbake tittelen frå Euwe med god margin i desember 1937 (+10 –4 =11). I denne tvekampen i Nederland hadde Euwe Reuben Fine som sekundant og Alekhine hadde Erich Eliskases. VM-kampen var lenge jamn, men Euwe kollapsa på slutten, og tapte fire av dei fem siste partia.[18] Reuben Fine tilskreiv kollapsen det nervepresset Euwe var under. Alekhine spelte ingen fleire VM-kampar, og beheldt såleis VM-tittelen til han døydde i 1946.

1938[endre | endre wikiteksten]

1938 begynte bra for Alekhine, som i mars vann i Montevideo (Carrasco) og i april vann i Margate, og som delte førsteplassen med Sir George Alan Thomas i Plymouth i september.

I november, derimot, vart det berre ein delt 4-6.-plass med Max Euwe og Samuel Reshevsky, etter Paul Keres, Reuben Fine og Mikhail Botvinnik, men framom José Raúl Capablanca og Salo Flohr i AVRO-turneringa i sjakk i Nederland. Denne turneringa vart spelt i fleire nederlandske byar, og spelarane reiste frå by til by mellom rundane, noko som nok var ei påkjenning for dei eldste spelarane i turneringa. Det var dermed kanskje ikkje så rart at det var dei tre yngste spelarane tok dei tre første plassane i turneringa.

Forhandlingar om VM-kamp[endre | endre wikiteksten]

Rett etter AVRO-turneringa utfordra Mikhail Botvinnik, som hadde blitt nummer tre i turneringa, Alekhine til ein VM-kamp. Dei vart einige om eit premiefond på US $10.000 med 2/3 til vinnaren, og at kampen skulle gå i Moskva. Alekhine skulle bli invitert til Moskva minst tre månader i førevegen, slik at han kunne spele ei turnering som del av førebuingane til tvekampen. Men lenger hadde ein ikkje kome, då utbrotet av den andre verdskrigen førte til avbrot i forhandlingane. Forhandlingane vart ikkje tatt opp att før etter krigen var slutt.[19]

Paul Keres, som hadde vunne AVRO-turneringa på kvalitetspoeng framom Fine, utfordra også Alekhine til VM-kamp. Det vart ført forhandlingar i 1939, men også desse forhandlingane vart avbrotne av den andre verdskrigen. I løpet av krigen vart Keres sitt heimland Estland invadert først av Sovjetunionen, så av Tyskland, og så av Sovjetunionen igjen. Etter krigen vart Keres hindra i å ta opp forhandlingar med Alekhine av dei sovjetiske styresmaktene, fordi Keres hadde spelt i fleire sjakkturneringar i det tysk-kontrollerte Europa i løpet av krigen, medan Estland var okkupert av Tyskland.[20]

Sjakk-OL i Buenos Aires[endre | endre wikiteksten]

Alekhine representerte Frankrike på første bord i det 8. sjakk-OL i Buenos Aires i 1939 då den andre verdskrigen braut ut i Europa. Eit møte mellom lagkapteinane, der dei leiande skikkelsane var Alekhine (Frankrike), Savielly Tartakower (Polen), og Albert Becker, (Tyskland), samt presidenten i det Argentinske sjakkforbundet, Augusto de Muro, avgjorde at dei skulle spele ferdig olympiaden.[21]

Alekhine vann individuell sølvmedalje (+9, =7, -0), etter Capablanca (berre resultat frå finale A og B - separat for begge seksjonar - talde for beste individuelle skår). Rett etter olympiaden var Alekhine knusande overlegen i turneringar i Montevideo (7/7) og Caracas (10/10).

Frå slutten av august 1939 var det også forhandlingar mellom Alekhine og Capablanca om ein VM-kamp, og i november hadde Capablanca skaffa dei nødvendige $10 000 i gull, og utfordra Alekhine til VM-kamp. Forhandlingane kom så langt, at det vart avtalt start for tvekampen den 14. april 1940 i Buenos Aires. Men dette vart likevel ikkje noko av.

Andre verdskrigen (1939–1945)[endre | endre wikiteksten]

Mange av deltakarane i sjakkolympiaden i 1939 valde å bli verande i Argentina, men Alekhine drog tilbake til Europa i januar 1940. Etter eit kort opphald i Portugal melde han seg til teneste i den franske hæra, der han vart innrullert som hygiene-offiser.

Tyskland invaderte Frankrike i mai-juni 1940, og etter den franske kapitulasjonen flykta Alekhine til Marseille. Han drog så til Lisboa, og søkte om visum til USA. I oktober 1940 søkte han om løyve til å dra til Cuba. Han lovde å spele tvekamp mot Capablanca. Søknaden vart avslått. Ektefellen hans, Grace Alekhine, var amerikansk jøde, og for å verne henne og eigedomane hennar i Frankrike (ho eigde eit slott ved Saint Aubin-le-Cauf, nær Dieppe, som nazistane plyndra), vart det til at han samarbeidde med nazistane.[22] Alekhine deltok i sjakkturneringar i München, Salzburg, Krakow/Warszawa, og Praha, organisert av Ehrhardt Post, leiaren for det nazi-kontrollerte Grossdeutscher Schachbund (Stortyske sjakkforbund). Keres, Bogoljubow, Gösta Stoltz, og fleire andre sterke meistrar deltok også i slike turneringar.

I september 1941 delte han andreplassen med Erik Lundin i den såkalla Europameisterskapen i sjakk i München, Stottz vann. I oktober delte han førsteplassen med Paul Felix Schmidt i Krakow/Warszawa, og i desember vann han i Madrid. I 1942 vann han i Salzburg i juni, den såkalla Europameisterskapen i sjakk i München i september og i Warszawa/Lublin/Krakow i oktober. Han delte førsteplassen med Klaus Junge i Praha - Oldrich Duras Jubileé - i desember 1942. I mars 1943 spelte han uavgjort i ein mini-tvekamp med Bogoljubow i Warszawa (+1 –1 =0), han vann i Praha i april og delte førsteplassen med Keres i Salzburg i juni.

Mot slutten av 1943 var Alekhine heile tida i Spania og Portugal, som tysk representant i sjakktilstellingar. Dette gjorde også at han kunne halde seg unna den Sovjetiske frammarsjen på austfronten. I denne perioden vann han ein del mindre turneringar. Den siste tvekampen han spelte var mot Francisco Lupi ved Estoril nær Lisboa, i Portugal i januar 1946. Alekine vann to parti, tapte eit og eit vart remis.

Det spanske sjakk-vedunderbarnet Arturo Pomar var på veg oppover på denne tida, og skreiv eit kapittel om han i den siste sjakkboka si, «Legado!» i 1946. Dei spelte eit parti i Gijon i 1944, der Pomar, berre 12 år gamal, klarte ein meriterande remis mot verdsmeisteren.

Det siste året han levde[endre | endre wikiteksten]

Grava til Alexandre Alekhine i Paris, Frankrike

Etter andre verdskrigen vart Alekhine ikkje invitert til turneringar utanfor den iberiske halvøya, som følgje av skuldingane om tilknyting til nazistane. Han vart invitert til turneringa i London i 1946, men invitasjonen vart trekt tilbake etter at dei andre som skulle vere med protesterte. Her var planar om VM-kamp mot Botvinnik,[19] men før dette vart noko av døydde Alekhine på hotellromet sitt i Estoril, Portugal, den 24. mars 1946. Omstenda rundt dødsfallet er omdiskuterte. Vanlegvis blir dødsårsaka oppgjeve som hjarteåtak, men i eit brev i Chess Life frå eit vitne til obduksjonen blir det sagt at Alekhine vart kvelt av eit kjøtstykke. Her er også spekulasjonar om at han vart myrda, helst av sovjet-agentar.

Gravferda til Alekhine vart kosta av Verdssjakkforbundet (FIDE). I 1956 vart leivningane flytta til Cimetière du Montparnasse, Paris, Frankrike.[23][24]

1937-1946[endre | endre wikiteksten]

Alekine spelte ikkje fleire tittelkampar, og beheldt tittelen fram til han døydde i 1946.

(under arbeid)

Opningsteori[endre | endre wikiteksten]

Fleire sjakkopningar og variantar har fått namn etter Alekhine. Alekhines forsvar (1. e4 Nf6) er den viktigaste.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Alexandre Alekhine


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Alexandre Alekhine er den franske forma av russisk Александр Александрович Алéхин, Aleksandr Aleksandrovitsj Alekhin.
  2. «Biography of Alekhine on xadrez.altervista.org». Henta 20. mai 2008. 
  3. «Jose Raul Capablanca: Online Chess Tribute». chessmaniac.com. 28. juni 2007. Henta 20. mai 2008. 
  4. «New York 1924». chessgames. Henta 20. mai 2008. 
  5. «Biography of Alekhine on canal-h.net». Henta 20. mai 2008. 
  6. chessgames.com si side om VM 1927
  7. chessgames.com si side om VM 1929
  8. chessgames.com si side om VM 1934
  9. «Alekhine's Chess Exhibitions in Singapore in 1933» (PDF). Henta 20. mai 2008. 
  10. Donaldson 1992, p.35
  11. Chessgames.com si side om VM 1935
  12. «Alekhine vs Euwe 1935». chessgames.com. Henta 23. mai 2008. 
  13. Winter, E. «Chess Notes (5202)». Henta 20. mai 2008. 
  14. Kmoch, H. «Grandmasters I Have Known: Alexander Alexandrovich Alekhine» (PDF). Henta 23. mai 2008. 
  15. 15,0 15,1 Gennadi Sosonko (2001). «Remembering Max Euwe Part 1» (PDF). The Chess Cafe. Henta 20. mai 2008. 
  16. Münninghoff 2001
  17. Wall, W. «Alexander Alekhine (1892-1946)». Henta 20. mai 2008. 
  18. «Alekhine vs Euwe 1937». chessgames.com. Henta 20. mai 2008. 
  19. 19,0 19,1 Khariton, L. (29. desember 2004). «Lev Khariton:The Battle That Never Was». Henta 23. mai 2008.  Based on Botvinnik's memoirs.
  20. Kingston, T. «The Keres-Botvinnik Case: A Survey of the Evidence». Henta 23. mai 2008. 
  21. Gawlikowski, Stanisław (1978). Olimpiady szachowe 1924 - 1974. Wyd. Sport i Turystyka. Warszawa. s. 102 (Polish edition).  |access-date= requires |url= (hjelp)
  22. Kasparov 2003
  23. «Alekhine's death – an unresolved mystery?». Henta 20. mai 2008. 
  24. Moran 1989