Alexandre Brongniart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Alexandre Brongniart

Alexandre Théophile Brongniart (fødd 10. februar 1770 i Paris, død 7. oktober 1847 i Paris) var ein fransk kjemikar, mineralog og zoolog som samarbeidde med Georges Cuvier i eit studium av geologien i regionane kring Paris.

Familie og virke[endre | endre wikiteksten]

Han var sonen til arkitekten Alexandre-Théodore Brongniart og faren til botanisten Adolphe-Théodore Brongniart.

Han vart fødd i Paris og vart instruktør for École de Mines (ein gruvedriftsskule) i Paris og direktør over porselensfabrikken i Sèvres. Han introduserte eit nytt system for klassifisering av reptilar og skreiv om mineralogi. Han laga òg ein stor studie av trilobittar og gjorde pionerarbeid til stratigrafi ved utviklinga av fossilkjenneteikn.

Han var også grunnleggjaren av det franske nasjonalmuseet for keramikk (Le musée national de Céramique), etter å ha vore direktør ved fleire porselensfabrikkar frå 1800 til 1847.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Brongniart, Alexandre. Traite des Arts Ceramique, ou des poteries considerees dan leur Histoire, Leur Pratique et leur Theorie. Paris. 2nd Ed. Rev. 1854

Kjelder[endre | endre wikiteksten]