Alexandre Cabanel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Alexandre Cabanel, ca.1865

Alexandre Cabanel (28. september 182323. januar 1889) var ein fransk målar frå Montpellier. Han vart i 1863 professor ved École des Beaux-Arts, seinare var han rektor på skulen. Cabanel var den fremste målaren i den franske akademismen.

Sjølvportrett, 1852

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Cabanel budde åra 1846-50 i Roma. Han konsentrerte seg om bibelske, mytologiske og historiske motiv, og måla Kristus i urtehagen (1844), Kristus framfor pretoren (1845) allereie før han fór til Roma. Sidan måla han over same tema bileta Johannes døyparen, Moses død og Kristen martyr og Maria Magdalena.

Ved sida av religiøse tema vende han seg etter kvart mot det moderne og romantiske, så som i Othello fortel om stridane sine, og Florentinsk poet (1861), det siste eit vakkert eksistensbilete med motiv frå renessansen. Jamsides desse sfæriske måleria merker ein del dekorative verk seg ut. Det første av desse var eit offentleg oppdrag i Hôtel de Ville i Paris, der han måla Dei tolv månadene i medaljongar. Vidare må nemnast utsmykkinga hans av Hotel Péreire i Paris i fransk 1700-talsstil, og verka Floras triumf (1873), og Ludvig den heilage (1878).

Venus fødsel, 1863

Eit av Cabanels favorittmotiv var den nakne kvinnekroppen, der framom alt Venus fødsel frå 1863 skil seg ut. Til same gruppa høyrer Venus frå 1875, og Lucretia og Tarquinius frå 1877. Av hans seinare verk kan nemnast Phèdre (1880), samt Cleopatra (1887).

Cabanel var ein etterspurd portrettmålar, han måla til dømes Napoleon III. Elles var det hovudsakleg mondene kvinner han portretterte, med lett pensel og elegant fargebruk.

Han døydde i Paris 1889, 65 år gammal.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Alexandre Cabanel

Kjelder[endre | endre wikiteksten]